(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond - Koronatilskot - Modalen kommune

Opprett ny søknad på støtteordning

Kommunalt næringsfond – utlysing av ekstramidlar i samband med koronautbrot

I samband med krisepakke fase 3 frå Kommunal og moderniseringsdepartementet har Modalen kommune har motteke kr. 357 243,- frå Vestland fylkeskommune som er øyremerkt kommunale næringsfond.

Modalen kommune legg følgjande til grunn for tildeling av midlar:

Målgruppe:

Bedrifter, etablerarar og næringsaktørar. Næringsaktør blir definert som ein aktør som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling. 

I vurderinga av søknadane skal det leggjast særleg vekt på:

  • Tiltak som fremjar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial.
  •  Tiltak som motverkar negative verknadar av covid-19-utbrotet.
  •  Tiltak som kjem raskt i gang.

Kommunane kan unntaksvis tildele midlar til eigne tiltak som oppfyller føremålet.

Samla tilskot skal som hovudregel ikkje overstige 50 % av kapitalbehovet i prosjektet, og det skal aldri overstige 75 %.

Søknadar må sendast gjennom www.regionalforvaltning.no

Mottakarar av stønad må på førespurnad frå Modalen kommune dokumentere at midlane er nytta i tråd med dei vilkår som vert gjevne i tilsegnsbrev.

Dersom du har spørsmål vedr. ordninga eller i samband med søknaden din, ta gjerne kontakt med ass. rådmann Ove Sæbø på e-post: ove.sebo@modalen.kommune.no eller på tlf. 92 22 55 62.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen