(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt Næringsfond Covid-19 Fitjar Kommune

Ekstraordinært tilskot til kommunale næringsfond

I samband med statleg Covid-19 krisepakke, har Vestland fylkeskommune tildelt Fitjar kommune ei tilskotsramme på kr. 1 300 000,- som skal delast ut som eit ekstraordinært kommunalt næringsfond.

Formål

Covid 19-utbrotet har gitt utfordringar for næringslivet i mange kommunar. Midlane skal nyttast til bedriftsretta støtte og andre næringsretta tiltak som kan motverke negative konsekvensar av pandemien og stimulere til auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping.

Kven kan søke støtte?

Støtte kan gis til bedrifter, etablerarar og andre næringsaktørar med forretningsadresse i Fitjar. Med næringsaktør meinast ein aktør som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling. Midlane skal nyttast til bedriftsretta støtte og til andre næringsretta tiltak som kommunen meiner er viktig for å motvirke negative verkingar av koronavirusutbrotet, kor ein vektlegg betydninga for arbeidsplassar, verdiskaping og økonomisk aktivitet.

Kva det kan gis tilskot til?

I vurderinga av søknadene skal det leggjast særleg vekt på:

  • Tiltak som fremjar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial
  • Tiltak som motverkar negative konsekvensar av Covid-19-utbrotet
  • Tiltak som kjem raskt i gang

Samla tilskot skal som hovudregel ikkje overstiga 50 prosent av kapitalbehovet i prosjektet, og det skal aldri overstiga 75 prosent.

Utbetaling av tilskot

Tilskotsmidlane utbetalast etterskotsvis. Tilskotet kan likevel delvis utbetalast inntil 50 % etter kvart som tilskotsmottakaren dokumenterer framdrifta i gjennomføringa av tiltaket. Er det naudsynt for at prosjektet skal kome i gang, kan inntil 15 prosent av tilskotet utbetalast ved oppstart av tiltaket.

Del- og sluttutbetaling og rapportering /innsending av dokumentasjon, må skje gjennom oppretta brukarprofil på : www.regionalforvaltning.no

Det må leverast prosjektrekneskap som er attestert av autorisert regnskapsfører saman med sluttrapport. Tilskot utbetalast forhaldsmessig ift tilsagnet sin del av kostnadsoverslag. Jf. Statlege retningslinjer blir ikkje annan

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 01.november 2020

Anna informasjon
Opplysningar som gis i søknaden vil i utgangspunktet være offentlege etter offentleglova

Kontaktperson
Astrid Kjellevold, Atheno. 
Tlf.: 45 28 99 28 eller astrid@atheno.no

 




 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen