(Du er ikke pålogget) 
 

Midlar til byutviklingstiltak i Ålesund, Molde og Kristiansund i 2021

Opprett ny søknad på støtteordning

Midlar til byutviklingstiltak i Ålesund, Molde og Kristiansund i 2021

Møre og Romsdal fylkeskommune kan dele ut til saman 2 mill. kroner i tilskot til byutviklingstiltak i Ålesund, Molde og Kristiansund i 2021.

Vi vil gjerne komme i dialog med kvar av byane om prosjektsøknadar til eitt eller to mindre prosjekt per by.

Tildelinga vil bli sett i samanheng med tildelingane som dei siste åra er gjort gjennom prosjektet Byen som regional motor. Byen som regional motor-prosjektet hadde følgjande hovudmål: Å utvikle Ålesund, Molde og Kristiansund til attraktive, urbane sentra i sine regionar, som gir grunnlag for vekst både i byane, omlandet og fylket.

Det blir sett ein søknadsfrist til 1. november 2021, men søknadar blir behandla løpande.

Søknadsprosedyrer og vilkår:

1. Kommunane Ålesund, Molde og Kristiansund kan søke om støtte til eitt eller to mindre utviklingsprosjekt kvar, med oppstart i 2021. Dette kan vere forprosjekt, kartleggingar, planlegging eller mindre utviklingsprosjekt.

Prosjekta vil bli vurdert etter i kva grad dei bidrar til det som har vore dei tre hovudsatsingane i Byen som regional motor-prosjektet: attraktive bysentrum, samferdsel og kollektivløysingar og kompetanse- og kunnskapsutvikling innan berekraftig byutvikling.

Vidare vil dei viktigaste kriteria vere i kva grad prosjektet bidrar til å nå mål i «Fylkesplan for berekraftfylket Møre og Romsdal 2021-2024» og at prosjektet har overføringsverdi mellom kommunar. Om ein i tillegg legg U4SSC-kartleggingane til grunn for prosjektet vil det også telje positivt.

Vi ønsker dialog med kvar enkelt av byane i forkant av ein formell søknad om midlar.

2. Reglar for 50% støtte:
Det kan tildelast tilskot på inntil 50% av godkjend kostnadsoverslag til prosessrelatert arbeid slik som kompetanseheving, kunnskapsgrunnlag, arkitektkonkurransar eller prosjektarbeid. Fylkeskommunen gir ikkje støtte til ordinært planarbeid eller andre kommunale driftsoppgåver.

3. Reglar for 33% støtte:
Det kan tildelast støtte med inntil 33% av kostnadane til fysiske tiltak. Tiltak som blir gjennomført i eit samarbeid/spleiselag mellom kommune, næringsliv og andre aktørar blir prioritert.


4. Eigeninnsats:
Eigeninnsats kan vere ein del av finansieringa av tiltak. Primært skal eigeninnsatsen øyremerkast som del av stilling. Refusjonskrav skal dokumenterast gjennom timerekneskap, med timepris på inntil 700 kroner. Ordinært sakshandsamingsarbeid kan ikkje takast med i rekneskapen.

5. Forankring:
Tiltaka skal vere forankra i kommunane sine planar for sentrumsutvikling, relevante
fylkeskommunale planar og strategiar, og vere i tråd med nasjonale mål om samordna bu-stads-, areal- og transportutvikling osv.

6. Søknadane:
Søknadane skal registrerast på www.regionalforvaltning.no., der det blir sett opp ei ordning for «Midlar til byutviklingstiltak i Ålesund, Molde og Kristiansund 2021». Fylkeskommunen bidrar gjerne med rettleiing i utvikling av tiltak og søknad.


 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen