(Du er ikke pålogget) 
 

Fjord kommune - Kompensasjonsordning til lokale verksemder - covid-19, tredje tildeling

Fjord kommune har fått tildelt kr 504.000 i tredje tildelingsrunde som no vert lyst ut. Støtteordninga er retta mot verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale strenge smitteverntiltak i samband med Covid-19, og som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. .

Søknadsfrist er 20. august.

Søknadane vert handsama i formannskapet 2. september 2021.

Kven kan søkje: (frå tildelingsbrevet) Hensikten med tilskuddet er å sette kommunene bedre i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale virksomheter som er særlig hardt rammet av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Ordningen skal også fungere som en kommunal ventilordning, for å kompensere lokale virksomheter som har falt helt eller delvis utenfor de generelle kompensasjonsordningene.

Krav til søknad:

Søknaden må ha vedlagt dokumentasjon på tap som følge av smitteverntiltak og stenging, inkludert erklæring frå rekneskapsførar/revisor, slik som: 

• tapte inntekter knytt til nedstenging i høve til offentlege smittevernkrav
• ekstra kostnader til smitteverntiltak
• andre kostnader  

Søknaden må vidare gje informasjon om kva anna offentleg støtte foretaket har motteke i løpet av 2019, 2020 og 2021, og kva ordning støtta er heimla i.

Merk: Opplysningar som kjem fram i søknaden vil i utgangspunktet vere offentlege etter offentlegheitslova.

Søknader sendast inn via www.regionalforvaltning.no.

Rapportering

Fjord kommune og departementet kan be om innsyn og kontroll med at støtta blir nytta i tråd med søknad og intensjonen i ordninga.

Les meir om kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder på  Statsbudsjett 2021- Tilskuddsbrev kommunal kompensasjonsordning til lokale virksomheter (L)(70610).pdf

Dersom du har spørsmål om ordninga, ta kontakt med Fjord kommune v/Charles Tøsse tlf 41867830 eller Fjordhagen v/Terese Jemtegård Moen tlf 92805659

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen