(Du er ikke pålogget) 
 

Ulvik herad - Kommunal kompensasjonsordning del III

Opprett ny søknad på støtteordning

Kommunal kompensasjonsordning del III

Ulvik herad har motteke kr 255 000,- i kommunal kompensasjonsordning del III som er midlar til lokale verksemder som har falt utanfor ordninga.

Hensikta og målet med tilskotet er å sette kommunane betre i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt rammet av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Ordninga skal også fungere som ei kommunal ventilordning, for å kompensere lokale verksemder som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. Kommunane skal bruke midlane på tiltak for lokale verksemder som er råka av strenge smitteverntiltak. Dette gjelder særleg støtte som kompenserer lokale verksemder sine kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging, støtte til verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane, og andre verksemder som av ulike grunnar faller utanfor generelle kompensasjonsordningar.

Det kan også gjevast støtte til destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet, som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt i 2021.

Ulvik herad kan tilpasse kva slags verksemder ein kan støtte avhengig av den lokale situasjonen. 

Korleis søkje?

Søknad skal registrerast og sendast inn gjennom regionalforvaltning.no.Støtta til bedrifter må verte gjeve i tråd med regelverket om offentlig støtte og bedriftstøtta kan verte gjeve etter reglane om bagatellmessig støtte. Næringsaktørar og verksemder skal vere registrert i Ulvik herad.

Krav til søknad

Søknaden må ha vedlagt dokumentasjon på tap som følge av smitterverntiltak og stenging, så som: 

  • tapte inntekter knytt til nedstenging i høve til offentlege smittevernkrav
  • ekstra kostnader til smitteverntiltak
  • andre kostnader som følgje av nedstenging

Dokumentert tap må inkludere erklæring frå uavhengig tredjepart. 

Sak om tildeling frå kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder skal handsamast i Ulvik Formannskap 13.okt.

Søknadsfrist vert sett til 27.sept 2021.

Ta kontakt med oss om du har spørsmål. 

Mona H.Hellesnes
40007196

eller

Anne-Marit Lekve
40007160

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen