(Du er ikke pålogget) 
 

kommunal kompensasjonsordning runde 3- september 21

Støtte frå kommunal kompensasjonsordning runde 3-september 21, til lokale verksemder som er spesielt råka av Covid-19.

Etne kommune har fått tildelt kr 488.000 som kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder.
Målet med ordninga er å setje kommunen raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Ordninga skal og hjelpa dei verksemdene som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. Kommunen skal bruke midlane på tiltak for lokale verksemder som er råka av strenge smitteverntiltak. Denne gang gjelder det særleg virksomheter innan overnatting og servering.

  • Støtte som kompenserer lokale verksemder sine kostnadar eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstenging,
  • Støtte til verksemder innanfor overnatting, reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringar, og andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar.

Kommunane har stor fridom til å tilpasse kva slags verksemd dei kan støtte avhengig av den lokale situasjonen.

Målgruppa er lokale  små- og mellomstore verksemder med forretningsadresse i Etne kommune. 

Søknaden må dokumentere tap som følgje av smitterverntiltak og nedstenging.

Vurdering av søknadar
Formannskapet i Etne kommune behandlar dei innkomne søknadene 5/10 etter innstilling frå administrasjonen. 

For ytterlegare informasjon, sjå: www.regjeringen.no/contentassets/b36aedd2883d4926841fc8f590ec4bae/statsbudsjett-2021-tilskuddsbrev-kommunal-kompensasjonso1421472.pdf

 Korleis søke om støtte?

Søknad sendast elektronisk gjennom www.regionalforvaltning.no

Søknadsfrist

23/9-2021 

Anna informasjon

  • Opplysningar som gis i søknaden vil i utgangspunktet være offentlege etter offentleglova.
  • Ordninga følgjer reglar i forskrift om distrikts- og regionalpolitiske virkemiddel om utlysing, saksbehandling, klage, kontroll m.m.

Kontaktperson
For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, ta kontakt med førstelinjetenesta vår, Medvind24 næringshage på post@medvind24.no eller på tlf: 45 86 55 08

Kontaktperson i kommunen er Hans Erik Lundberg, kommunalsjef for Utvikling og drift. Tlf.: 9163714 eller Hans.erik.lundberg@etne.kommune.no

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen