(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjons­ordning – runde 4 - 2021

Opprett ny søknad på støtteordning

Retningslinjer for kommunalt næringsfond i Sogndal kommune

  1. Bakgrunn

    Retningslinjene gjeld for kommunalt næringsfond i Sogndal kommune, etablert etter prop. 79 S (2020-2021) «Økonomiske tiltak i møte med pandemien».

  2. Forvaltning av fondet

    Fondet skal nyttast i samsvar med «Tilskuddsbrev kommunal kompensasjonsordning til lokale virksomheter» av 11. oktober 2021. All støtte skal gjevast i samsvar med regelverket for offentleg støtte.

    Delegasjonsreglement vert nytta i samsvar med tidlegare ordningar, der det er gjort fylgjande vedtak om delegasjon av vedtaksmynde for fondet:

    1. Inntil 200.000 delegert til administrasjonen i Sogndal kommune.
    2. Tilskotsbeløp over 200.000 delegert til formannskapet.

    Søknadar skal handsamast fortløpande, og næringar og bransjar som er særleg hardt ramma av pandemirelaterte utfordringar skal prioriterast. Sogndal har fått midlane med grunnlag i at ein er ein av kommunane som normalt har høg del utanlandske overnattingsbesøk.

    Bruk av fondet skal rapporterast til formannskapet etter kvart. Det skal lagast årsrapport til kommunestyret i samband med handsaming av årsmelding og rekneskap.

  3. Målsetjing med tilskotet

    Tilskot skal bidra til å oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse i verksemder som er avhengig av turisme frå land utanfor EØS-området, og som difor framleis er råka av pandemien.

    Verksemder som var i vanskar per 31/9/19, ref. gruppeunntaksforordninga sin artikkel 2, paragraf 18, kan ikkje gjevast støtte.

    Siste frist for tildeling er 31.12.2021.

  4. Støttevilkår

    Støtta vert gjeven i samsvar med regelverket for offentleg støtte. Søkar pliktar å sette seg inn i dette regelverket. Nærings- og fiskeridepartementet har laga ein rettleiar i offentleg støtte som kan finnast her: veileder_offentlig-stotte.pdf (regjeringen.no)

    Tilskotta i denne runda vert gjevne i samsvar med den nasjonale paraplyordninga, notifisert av nærings- og fiskeridepartementet og godkjent i ESA den 16. april 2021. Søkar må opplyse om eventuelle konsernrelasjonar for søkarbedrifta.

  5. Klage

    Vedtak vert rekna som enkeltvedtak etter §2 i forvaltningslova, og kan påklagast. Formannskapet er klagehandsamingsorgan for administrative vedtak. Kommunestyret er klagehandsamingsorgan for vedtak i formannskapet.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen