(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning Bjørnafjorden kommune - desember 2021 (#6)

Bjørnafjorden kommune har fått tildelt kr 1 372 000 i ei ny tildelingsrunde vedtatt i Stortinget 21. desember. Midlar blir no lyst ut.

Hensikta er å avhjelpe situasjonen for den delen av næringslivet som igjen vert ramma av nye smitteverntiltak. Serverings-, utelivs-, underholdnings- og overnattingsbransjen vil bli prioritert, men også andre kan søkje.

Støtta vil bli gitt med eit grunnbeløp + eit beløp berekna ut frå antal årsverk i verksemda. Dette må difor opplysast om i søknaden. Det må også opplysast kor mykje ein har mottatt i støtte tidlegare i 2021.

Merk at om verksemda er del av eit konsern, så må dette opplysast om og også kor mykje heile konsernet har mottatt i støtte.

Søknadsfrist er søndag 16. januar 2022. Vi tek sikte på utbetaling i den påfølgande veka. 

Kontaktperson i Bjørnafjorden kommune:

Andris Hamre
aham@bjornafjorden.kommune.no

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen