(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning for lokale virksomheter del 6

Opprett ny søknad på støtteordning

Kompensasjonsordning for lokale verksemder

Samnanger kommune vart i desember 2021 tildelt 424 000 kroner frå staten til vidarefordeling til lokale verksemder, som kompensasjonstilskot i samband med koronapandemien. Ordninga skal setja kommunane raskt i stand til å avhjelpa situasjonen for lokale verksemder for å oppretthalda arbeidsplassar og viktig kompetanse. 

 

Mål for ordninga

Målet med ordninga og tilskotet er å avhjelpa lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Målet er at likviditeten skal betrast for det lokale næringslivet og at verksemdene får dekka dokumenterte meirkostnader og/eller dokumenterte tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging.

 

Kven kan søkja om kompensasjon? 

Kommunen har fridom til å tilpassa kva verksemder som skal få støtte, avhengig av den lokale situasjonen knytt til nedstenging og tapt omsetnad. Samnanger kommune vel i denne runden å fordela midlane til verksemder som kan dokumentera tapte inntekter og/eller meirkostnader i perioden november 2021 til og med januar 2022. Ut frå det totale talet på søkjarar og søknadsbeløp vil kommunen gjera vedtak om tildeling. Kommunen vil prioritera verksemder som heilt eller delvis har falle utanom den generelle kompensasjonsordninga. 

 

Krav til søknad:

Søknaden må registrerast og sendast gjennom www.regionalforvaltning.no. 

Følgjande må opplysast om i søknaden: 

  • Kontaktopplysningar og organisasjonsnummer
  • Informasjon om økonomi: tapte inntekter og/eller meirkostnader
  • Kort grunngjeving for søknaden
  • Informasjon om eventuell anna offentleg stønad som verksemda har søkt om og/eller motteke

 

Sakshandsaming: 

Samnanger kommune behandlar innkomne søknader etter at søknadsfristen har gått ut. Kommunal støtte til verksemder må vera i samsvar med regelverket for offentleg støtte. Kontaktperson i kommunen er xxxx xxxx

 

Søknadsfrist: torsdag 27. januar 2022

 

 

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen