(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder i Nissedal

Opprett ny søknad på støtteordning

Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder i Nissedal 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har i tråd med prop. 79 S (2020-2021) Økonomiske tiltak i møte med pandemien, fordelt ekstra midlar til landets kommunar for å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er ramma av Covid-19. Det er overført til saman kr 250 000 til Nissedal kommune i tråd med stortingsvedtaket 21. desember 2021.

 

Mål for ordninga:

Ordninga skal sikre tilgang til likviditet i verksemder og dempe dei økonomiske konsekvensane av Covid-19-pandemien ved hjelp av direkte tilskot. Ordninga er retta mot lokale verksemder.

 

Målgrupper for den nasjonalt notifiserte ordninga:

  • Verksemder innan servering, overnatting og reiseliv.
  • Andre verksemder som er råka av restriksjonar kan også søke.
  • Stønad blir gitt til aktivitet i verksemder lokalisert i Nissedal kommune.

Tilskotet kan dekke 

  • Tilskotet er særleg meint å kompensere lokale serverings- og overnattingsverksemder for tapt omsetnad grunna dei nye smitteverntiltaka som blei innførde i desember
  • Sektorar eller verksemder som har tapa varer (kasta/øydelagd mat) grunna restriksjonar kring Covid-19-pandemien.

 

Søknadsskjema

Det er utarbeida eit forenkla søknadsskjema i KMD som søkaren skal bruke. Søknadsskjemaet er lagt inn i www.regionalforvaltning.no.  

  1. Gå til nettsida, skriv «Nissedal» i søkefeltet under fana «støtteordninger».
  2. Trykk på søkeresultatet og logg inn med kode og passord.

Fyll inn:

1. Føretakets namn og organisasjonsnummer

2. Søknadsbeløp

3. Eigafråsegn på om verksemda har økonomiske vanskar. 

4. Oversikt over anna offentleg støtte (koronastøtte) verksemda/konsernet har motteke tidlegare.

5. Dokumentasjon av kostnadar, omsetjingssvikt og tap må vere signert av rekneskapsførar.

 

Søknadsfrist 27.01.2022.

 Søknadane skal handsamast av formannskapet 17.02.2022.

Ein gjer merksam på at all informasjon som  blir lagt inn i søknaden kan bli offentleggjort i samsvar med offentlegheitslova.

 

KONTAKTINFORMASJON

Styrk Fjærtoft

Næringssjef i Nissedal

styrk.fjaertoft@nissedal.kommune.no

402 47 000

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen