(Du er ikke pålogget) 
 

BIO-midlar 2022

Søk midlar til bedriftsintern opplæring (BIO-midlar)

Vestland fylkeskommune lyser ut midlar til bedriftsintern opplæring (BIO). Midlane skal nyttast til kompetanseheving for grøn omstilling og digitalisering i bedriftene. Vi lyser ut 8,5 millionar kroner.

 

Søknadsfrist: 20. Mai

BIO-midlar til ekstraordinære opplæringstiltak

Døme på opplæringstiltak

  • Opplæring som gjer det mogleg å arbeide med ny teknologi (ny produksjonsline og liknande, digitalisering). 
  • Opplæring som er naudsynt for å få tilgang til nye marknader. 
  • Opplæring som er naudsynt for å kunne starte utvikling av nye produkt eller tenester. 

 

Kven kan søkje og delta i opplæringa?

  • Bedrifter kan søkje om tilskot til opplæringstiltak for sine tilsette. Vi ser det som ein styrke om fleire bedrifter går saman om søknader og undervisningsopplegg, men ei bedrift må stå som ansvarleg søkjar. Tilbydarar av kursing/undervisning kan ikkje søke på vegne av bedrifter viss dei tek betaling for oppdraget.  
  • Ikkje-kommersielle aktørar/medlemsorganisasjonar kan stå som søkjar på vegne av fleire bedrifter. I søknaden må det framgå kva for bedrifter som skal delta. 
  • Søkjar treng ikkje å vere lokalisert i Vestland, men må kunne dokumentere at tilskotet går til opplæring av tilsette som har arbeidsstad i Vestland. 

 

Hovudkrav til søknad:

  • At opplæringstiltaka skal fremme grøn omstilling eller utvikling i bedrifta, eller at opplæringstiltaka fører til digitalisering av bedrifta.
  • At behovet for kompetanseheving i bedrifta er godt grunngjeve.  
  • At gjennomføring av opplæringstiltaket har ein tidsplan på under 26 veker. Unnatak må grunngjevast særskild. 
  • At tilskotet per deltakar i opplæringa ikkje er over 30 000 kr. Unnatak må grunngjevast særskild. 

 

Fylkeskommunen vil også vurdere:

  • At tiltaket bidreg til FN sine berekraftsmål.
  • At tiltaket bidreg til Berekraftig verdiskaping – Regional plan for innovasjon og næringsutvikling med handlingsprogram 2022-2025

 

Tilskotet kan dekke fylgjande kostnader:

  • Kurshaldar/kursavgift 
  • Lønskostnader i planlegging og gjennomføring av opplæringa
  • Innkjøp av kursmateriell og avskriving på utstyr knytt til opplæringa
  • Reisekostnader dersom det ikkje er lokale tilbod 

 

Støttesatsar og utbetaling:

Maksimal støtte er 800 000 kroner i året og maksimalt 30 000 kroner per deltakar i opplæringa. Det er likevel mogleg å søkje om meir enn 800 000 kr dersom fleire bedrifter går saman om gjennomføring av opplæringstiltak.

Det er krav om eigendel (eigenfinansiering) på 30 % av totalkostnadene for små bedrifter, 40 % for mellomstore bedrifter og 50 % for store bedrifter.

Inntil 75 % av tilskotet kan utbetalast ved tilsegn om støtte. Sluttutbetaling av resterande 25 % kan skje etter innsendt sluttrapport og godkjent rekneskap.

Definisjon av sentrale ord i utlysingstekst og søknadsskjema:

  • Grøn omstilling: Grøn omstilling betyr at produksjon, tenester og næringsaktivitet skal utviklast i ei retning som er meir berekraftig for miljø og klima, og i tråd med FN sine berekraftsmål.
  • Ekstraordinær opplæring = Opplæring i samband med innføring av noko nytt i verksemda, eller ei “eingongsinvestering” i overføring av kompetanse mellom tilsette. Grunnleggjande opplæring eller opplæring i verktøy som ikkje er spesifikke for bedrifta eller bransjen (som til dømes bruk av video/fildelingsverktøy) er ikkje rekna som ekstraordinær opplæring. Unnatak kan gjerast dersom opplæringa er spesialtilpassa oppgåver/fagområde som er krevjande å digitalisere. Eigenstudium er berre aktuelt dersom andre former for opplæring ikkje er mogleg.  
  • Bedrifter: Eir eining, uavhengig av juridiske form, som utøver ei økonomisk verksemd. Bedrifta skal vere i konkurransesituasjon og ikkje ta imot offentleg driftsstøtte. Bedrifter kan søkje saman dersom kompetansetiltaket er felles. Ein av dei samarbeidande bedriftene må stå som ansvarleg søkjar på vegne av fellesskapet. På grunn av reglane om samla stønad til bedrifter, vil søknader frå same konsern (mor/dotter) bli vurdert samla når det gjeld tildeling av stønad. Stiftingar kan søkje dersom dei er næringsdrivande. Stiftingar med lågare del eigengenerert inntekter (kommersielle inntekter, ikkje offentlege tilskot eller private gåver) enn 2/3, blir ikkje sett på som å drive «næringsverksemd» i stiftingsloven si tyding og kan ikkje søkje.
  • Små bedrifter = Mindre enn 50 årsverk og omsetning som ikkje overstig EUR 10 mill. eller ein balanse som ikkje overstig EUR 10 mill. (bedrifta kan overstige éin av verdiane for omsetnad eller balanse, men ikkje begge).
  • Mellomstore bedrifter = Mindre enn 250 årsverk og ein årleg omsetnad som ikkje overstig EUR 50 mill. eller ein balanse som ikkje overstig EUR 43 mill. (bedrifta kan overstige éin av verdiane for omsetnad eller balanse, men ikkje begge).
  • Kostnadsplan = Eit budsjett der du fyller inn aktuelle utgifter til opplæringa. Til dømes; lønsutgifter og avgift til ekstern kurshaldar. Dette summerer seg til opplæringstiltakets totalkostnad, og alle kostnader i kostnadsplanen skal dokumenterast i etterkant.
  • Finansieringsplan = Ein plan der du legg inn summen du søkjer om, og summen du skal dekke sjølv (eigendelen). Finansieringsplanen skal summere seg til totalkostnaden.
  • Eigendel/eigenfinansiering = Den delen av totalbudsjettet for tiltaket som søkjar skal dekke. Eigendelen må ikkje vere i likvide midlar, men kan vere lønskostnader.
  • Lønskostnader = Alle timar for personalkostnader som inngår i prosjektrekneskapet, skal vere rapportert inn og dokumentert idet attesterte reknseskapet til revisor/rekneskapsførar  og i eigenerklæringa til bedrifta  i www.regionalforvaltning.no. Godkjent fast timesats er inntil 1,2 promille av reell årsløn, men avgrensa til kr 700 pr time. For innehavar sin arbeidsinnsats i enkeltpersonføretak og deltakarane sitt utførte arbeid i ANS og DA er maksimalsats på 350 kr/t godkjent.

BIO-midlane er ikkje lenger gitt som bagatellmessig støtte, men som eit tilskot under EØS-regelverket for førehandsgodkjente tilskot (gruppeunntak/GBER).

 

Anne Silje Sylvarnes

Kontaktperson kriterium og vurdering

  • Ring 57638164
  • inn.biomid@vlfk.no

Rajwinder Kaur Daphu

Kontaktperson søknad, utbetaling og rekneskap


 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen