(Du er ikke pålogget) 
 

Alver kommune næringsfond med søknadsfrist 1.11.2022

Alver kommune vil bidra til nyskaping og næringsvekst gjennom stimulering av eksisterande verksemder og arbeidsplassutvikling, og har aktivert eit næringsfond på totalt kr. 1.159.000 med søknadsfrist 1. november 2022. 

Du kan lese meir om målsetting og krav til søknad i fondsvedtektene.

Trykk her for å sjå vedtektene.

Kven kan søkje? Føretak må ha forretningsadresse i Alver.
Næringsfondet kan nyttast til tiltak for verksemder og til tilretteleggande næringstiltak i regi av kommunen eller andre typar organisasjonar, til dømes:

Næringsutviklingsprosjekt, samarbeidstiltak med lokale foretak, FOU-aktørar i samarbeid med lokale foretak, næringsutvikling i landbruket som ikkje får stønad frå landbrukets vanlege stønadsorgan, verksemder som treng å ta eit nytt steg etter oppstartsfasen, og etablerte verksemder som treng hjelp til å realisere eit nytt marknadspotensiale eller internasjonalt vekstpotensial.

Søkjarar som ønskjer at søknaden skal handsamast konfedensielt, må opplyse om dette i søknaden.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen