Opprett ny søknad på støtteordning Kommunale næringsfond – retningsliner
Vedtekne 11.03.03 av nærings- og miljøutvalet i sak 22/03
Administrativt oppdatert 25.02.10
Fondets grunnlag og formål
1. Midlar til kommunale næringsfond kan kvart år avsetjast frå dei midlane fylket får
løyvd til regional utvikling (Statsbudsjettet, kap 551.60). Samla beløp vert fastsett i den
årlege prosessen i Handlingsprogram Verdiskaping.
2. Kommunale næringsfond skal nyttast til å styrke nyskaping, innovasjon og
næringsutvikling i kommunar som ligg innanfor det distriktspolitiske verkemiddelområdet
definert av Kommunal- og regionaldepartementet.
Unge, kvinner og ulike innvandrargrupper er å sjå som viktige, men lite utnytta ressursar
når det gjeld entreprenørskap. Desse målgruppene skal derfor gjevast særskild prioritet
ved tildeling frå fonda.
Vilkår for tildeling (Møre og Romsdal fylkeskommune)
3. Fordelinga mellom kommunane tek utgangspunkt i eit sett indeksar med grunnlag i
statistiske data om demografi, arbeidsmarknad og sentralitet. Ein del av totalbeløpet
skal likevel avsetjast til skjønsmessige justeringar. Endringar i indekssettet skal
godkjennast av nærings- og miljøutvalet.
4. Kraftfond skal motreknast næringsfondet krone for krone før skjønsvurderingar vert
gjort, etter fråtrekk av eit fribeløp på kr. 100.000,-.
5. Skjønsmessige justeringar av beløp skal gjerast med utgangspunkt i følgjande:
5.1. Strategiplanar. Reduksjon av beløpet skal vurderast dersom kommunen
ikkje kan vise til politisk forankra strategiar for arbeidet med næringsutvikling.
Strategiane kan gjerast synleg gjennom kommuneplan, sektorplan eller anna
politisk vedtak.
5.2. Rapporteringskrav. Reduksjon av beløpet skal vurderast når rapport
manglar eller er ufullstendig jfr. pkt. 14, eller dersom midlar ikkje er nytta i
samsvar med retningsliner for bruk.
5.3. Fondsakkumulering. Reduksjon av beløpet skal vurderast dersom ein
kommune over tid, og utan forankring i langsiktige planar akkumulerer midlar
på fondet.
5.4 . Satsingsområde i Fylkesplanen/Handlingsprogam Verdiskaping. Auke av
beløpet skal vurderast dersom ein i Fylkesplanen kan godgjere spesielle
satsingar som er geografisk avgrensa ut frå regionalperspektiv, eit
bransjeperspektiv eller utjamningsperspektiv. I samråd med dei kommunane
dette måtte gjelde, må tildeling og bruk av dei kommunale næringsfonda
sjåast i samanheng med andre verkemiddel knytte til satsinga.
5.5 Andre vurderingar. Herunder kan vurderast t.d. strukturelle problem i
industrien og ekstra honorering av regionale næringsfond.
6. Møre og Romsdal fylkeskommune skal innan 15. mars kvart år sende tildelingsbrev
til kommunane. Tildelingsbrevet skal gi opplysingar om eventuelle endringar i KRD sine
vilkår, om mål og satsingar i Fylkesplan og om krav og fristar til rapportering.
Retningslinene for tildeling og bruk skal leggjast ved brevet.
7. Møre og Romsdal fylkeskommune betaler ut ny bevilgning til det kommunale
næringsfondet i den enkelte kommune når KRD har motteke og godkjent rapport fra
føregåande år.
Retningsliner for bruk (kommunen)
8. Vedtekne kommunale strategiar skal ligge til grunn for bruken av midlane. Fondet
skal ha ein utløysande effekt på tiltaket som vert støtta.
Fondsmidlane skal plasserast på renteberande konto og renter og låneavdrag skal
førast tilbake til fondet. Næringsfondet skal vere uavhengig av likviditetssituasjonen i
kommunen.
Kommunane kan skyte sine fondsmidlar inn i interkommunale eller regionale
næringsfond med felles styre.
9. Tiltakstypar. Næringsfondet kan nyttast både til bedriftsretta tiltak og til generelle
tilretteleggande tiltak i regi av kommunen eller andre typar organisasjonar, jfr. pkt 2.
Det kan ikkje løyvast støtte til ordinær drift, inkludert finansiering av kommunens
ordinære oppgåver i næringsutviklingsarbeidet.
Det kan ikkje gis støtte til fysiske infrastrukturtiltak i kommunen.
Bedriftsretta støtte skal ikkje vere av eit slikt omfang at det kan oppfattast som
urettmessig konkurransevridande lokalt. Bedriftsretta prosjekt der kapitalbehovet er
større enn eit maksimalbeløp kunngjort i tildelingsbrevet, skal oversendast Innovasjon
Noreg.
Det kan ikkje gis støtte som er i strid med internasjonale avtaler der Noreg er part. Det
kan derfor ikkje gis støtte til primær stålproduksjon, til transport eller til direkte
eksportkostnader, inkludert etablering og drift av distribusjonsnettverk. Jamfør også pkt.
11 om kapitalgrenser og samfinansiering.
10. Støtteformer. Støtte skal fortrinnsvis gis som tilskott. Jamfør kommunelova § 51
kan næringsfondet ikkje setjast som garanti for lån til næringsverksemd.
Næringsfondet bør ikkje nyttast til teikning av aksjar.
11. Kapitalgrenser og samfinansiering. Det kan ikkje gis tilsegner utover det som til ei
kvar tid står på fondet. Det er ikkje tillate å gi tilsegn basert på neste års løyving frå
fylkeskommunen. Kommunen kan likevel skyte eigne midlar inn i fondet.
Prosjekt med søknadsbeløp over halvparten av siste års tildeling til fondet bør drøftast
med Møre og Romsdal fylke og/eller Innovasjon Noreg.
Støtte skal ikkje utgjere meir enn halvparten av dei kostnadane som er rekna inn i
støttegrunnlaget.
Samfinansiering er avgrensa av reglane for dei midlane det er aktuelt å samfinansiere
med. Ein gjer særleg merksam på EU-regelverket for bagatellmessig støtte,
implementert gjennom EØS-avtalen. Dei kommunale næringsfonda må haldast saman
med annan bagatellmessig støtte. Dette vert ikkje påverka av ESA-godkjente
støtteordningar som er definert utanfor den bagatellmessige støtta.
Prosedyrar
12. Mynde til å vedta løyvingar frå næringsfondet er lagt til kommunestyret, som kan
delegere dette vidare jamfør kommunelova.
13. Kommunen skal etter vedtak sende tilsegnsbrev med vilkår for tilsegna.
Normalkrav til innhald i tilskotsbrev blir gjort greie for i tildelingsbrevet til kommunane.
Tilsegnsbrevet skal gi ein frist for ferdigstilling og rapportering, og gjere greie for
prosedyrar og dokumentasjonskrav knytt til utbetalinga.
Tilsegnsbrevet skal gi opplysingar om klagerett jamfør kommunelova § 29 og
forvaltingslova § 28.
Sluttutbetaling skal alltid skje etterskotsvis mot rapport og rekneskap.
14. Kommunen skal kvart år rapportere bruken av det kommunale næringsfondet jamfør
reglar fastsett i tildelingsbrevet. Det tilligg dette kravet at kommunen må etablere eit
system som legg til rette for innsyn og kontroll med omsyn til både økonomi og
målstyring |