(Du er ikke pålogget) 
 

Regionale kulturminne og kulturmiljø

Opprett ny søknad på støtteordning

Regionale tilskot til kulturminne og kulturmiljø

Denne tilskotsordninga har som formål å bidra til å vedlikehalde og sette i stand kulturminne og kulturmiljø av regional og høg lokal verdi. Ordninga skal også leggje til rette for berekraftig verdiskaping og bruk.

Bevaring av den tradisjonelle kystkulturen vår er ei nasjonal satsing som også fylkeskommunen følgjer opp. Av den årlege ramma vil inntil 400 000 kroner bli prioritert til tiltak som  bidrar til å halde ved like og sette i stand kulturminne knytt til kystkultur/ fiskevær i regionen vår

Søknadsfrist:

1. november.

Kven kan søke?

  • Private eigarar av kulturminne og kulturmiljø
  • Private stiftingar, foreiningar/organisasjonar/sameige/frivillige, museum og kommunar

Tilskot til regionmuseum og kommunar kan til saman maksimalt utgjere 25 prosent av tildelingane.

Kva kan det søkast tilskot til?

Ordninga gjeld for kulturminne og kulturmiljø som ikkje er freda, men som enten:

  • er listeført i regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi
  • inngår i kommunale kulturminneplanar
  • er regulert til bevaring/omsynssone i medhald av plan- og bygningslova

Ordninga gjeld faste kulturminne - ikkje lause gjenstandar og immateriell kulturarv

Det kan innvilgast tilskot ned til minimum 25 000 kroner og til maksimalt 200 000 kroner

Korleis søker du støtte:

Støtteordninga opnar for nye søknadar 20. september. Når ordninga er open kan du søkje støtte via Regionalforvaltning.

Søknaden må innehalde:

 

  • Kartutsnitt der det aktuelle kulturminnet er avmerkt og påført kommunenamn og gards- og bruksnummer.
  • Skildring og foto av kulturminnet (oversiktsbilde og detaljbilde)
  • Tilstandsvurdering og skildring av det planlagde tiltaket
  • Spesifisert plan for arbeidet frå restaureringskyndig handverkar og/ eller rådgivar
  • Spesifisert og summert overslag over kostnader frå restaureringskyndig handverkar og/ eller rådgivar
  • Oversikt over korleis kostnadene skal finansierast

Behandling av søknaden

Tilskot blir fordelt etter politisk behandling i Kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdals fylkeskommune, fortrinnsvis i første ordinære møte i utvalet etter nyttår. 

Vilkår for tilskotsordninga

  • Alle tiltak skal skje i samsvar med anlegget sin historie.  
  • Vedlikehald og istandsetting skje så skånsamt som mogleg og etter antikvariske retningslinjer
    • Det skal vere minst mogleg utskifting av originale element og materialar.
    • Det skal brukast tradisjonelle materialar, dimensjonar, utføring og teknikkar både ved reparasjon og eventuell utskifting.
    • Det er betre å reparere bygningsdelar framfor å skifte dei ut.
    • Det er betre å legge til rette eit bygningselement eller materiale enn å fjerne.
    • Eigar må stille krav til utførande handverkar/firma sin antikvariske kompetanse samt teknisk og fagleg kvalitet.
    • Endringar skal dokumenterast gjennom foto og beskrivingar

  • Søkar må stå som oppdragsgivar for handverkar/ firma som utfører arbeidet. Viss det blir aktuelt å engasjere andre utførande enn det som går fram av søknaden, må de kontakte fylkeskommunen på førehand slik at vi får høve til å godkjenne handverkaren.
  • Søkar er ansvarleg for at handverkar/utførande firma som skal utføre arbeidet, blir gjort kjende med vilkår og antikvariske retningsliner for fysiske tiltak.
  • Samla offentlege tilskot kan normalt utgjere inntil 70 prosent av prosjektet sitt totalbudsjett. I særlege tilfelle kan søkar få tilskot som går utover dette. Av det offentlege tilskotet, kan fylkeskommunen sitt bidrag maksimalt utgjere 50 prosent av prosjektet sitt totalbudsjett.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen