(Du er ikke pålogget) 
 

Etablererfond for Bergensregionen 2019

Etablerarfond 2019 - midlene for 2019 er brukt opp - 12.06.2019

Hordaland fylkeskommune har oppretta ei ordning med tre regionale etablerarfond. Bergensregionen er ein av regionane, og omfattar kommunane Askøy, Austrheim, Bergen, Fedje, Fjell, Fusa, Gulen, Masfjorden, Lindås, Meland, Modalen, Os, Osterøy, Radøy, Samnanger, Sund, Vaksdal, Voss og Øygarden.

Tilskotet skal bidra til gjennomføring av tiltak i tidleg oppstartfase, og gje gründaren kompetanse om marknad og økonomi. Etablerarfondet vert forvalta av Nordhordland Utviklingsselskap IKS.

Aktuelle søkjarar

 

Målgruppa er etablerarar og ny næringsverksemd som fell utanfor Innovasjon Noreg si ordning med «etablerartilskot til gründerbedrifter med vekstambisjonar og ein forretningsidé som representerer noko vesentleg nytt i marknaden».

Tilskotet vert gitt innanfor rammene av bagatellmessig støtte. 

Prosjekt eller tiltak som det vert søkt om midlar til må vere forankra i ein eller fleire av kommunane i den regionen det vert søkt om tilskot i.

Prosjektet skal ha god kvalitet, søkjar skal ha god gjennomføringsevne og verksemda som vert etablert bør på sikt ha eit potensial på minimum eit årsverk.

Søknadsfrist

 

Søknader blir handsama fortløpande, og det blir lagt opp til rask sakshandsaming.

Ingen søknadsfrist

 

Kontakt

Kontaktinformasjon og mer informasjon finnes på denne lenken: http://etablerersenteret.no/etablererfond2019/
 
 
 
 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen