(Du er ikke pålogget) 
 

Handlingsprogram Landbruk 2020

 

Nå kan de søkja om økonomisk støtte til prosjekt og tiltak som fremjar ei berekraftig og klimavenleg sysselsetting, verdiskaping og næringsutvikling i landbruket. Prosjekta og tiltaka skal medverka til å oppfylla mål og innsatsområde forankra i Regionalplan for landbruk i Rogaland og Strategi for bioøkonomi 2018-2030

 Fylkeskommunen forvaltar følgjande økonomiske middel til tilrettelegging for næringsutvikling i landbruket:

Regionale tilretteleggingsmiddel. Til saman 3,84 millionar kroner i 2020.

Kompetanse og rekrutteringsmiddel. Til saman 720 000 kroner i 2020.

 

Dei prioriterte satsingsområda for økonomisk støtte i 2020 er:

-        mat

-        beitebruk

-        klimasmart landbruk

-        fornybar energi

-        rekruttering og kompetanse

-        auka lokal foredling av råvarer frå landbruket

-        utvikling og produksjon av lokale forressursar

-        sirkeløkonomi – auka bruk av restråstoff

Kven kan søkje:

Næringsorganisasjonar i landbruket, friviljuge lag og organisasjonar i landbruket, næringshagar, landbruksrådgjevinga, samvirke i landbruket, rekneskapslag, kommunar, regionale næringsutviklingsselskap, dei grøne naturbruksskulane, destinasjonsselskap og ulike former for samarbeidsorgan og nettverk innanfor landbruket.

Kriterier ved vurdering av søknadene:

Prosjekt og tiltak må vera forankra i Regionalplan landbruk i Rogaland og/eller Strategi for bioøkonomi 2018-2030. Desse finn de på heimesida til fylkeskommunen www.rogfk.no

Prosjekta og tiltaka skal vera utviklings- og mobiliseringsretta. Det blir ikkje gitt tilskot til prosjekt og tiltak for å oppretthalda eit eksisterande tilbod. Støtte til prosjekt vert gitt for eit år om gongen, maksimalt til tre år. Fylkeskommunen kan gi inntil 50 % i økonomisk støtte av godkjent kostnadsplan/budsjett. (egenfinansiering kan ikkje vera anna offentleg tilskot, men må vera eigeninnsats og/eller annna privat finansiering) Godkjendt timesats for eigeninnsats i finansieringsplanen er maks 1 promille av brutto årsløn, maks kr 800 per time. 

Anna:

Støtteordninga gjeld i hovudsak prosjekt som ikkje vert omfatta av statsstøtteregelverket. I nokre tilfelle kan støtta gis som bagatellmessig støtte.

Frå 2020 har fylkeskommunen fått oppdragsgjevaransvar for fleire økonomiske verkemiddel. Det kan difor vera aktuelt for fylkeskommunen å diskutera søknaden med andre offentlege verkemiddelaktørar som til døme Innovasjon Norge, Rogaland.

Korleis søkje:

De søkjer om økonomisk støtte i www.regionalforvaltning.no. Ta kontakt med Torhild Haugen telefon 51 51 69 28 om de treng hjelp med søkjarportalen. 

 

Søknadsfristar

15.april 2020 (Grunnet situasjonen rundt koronaviruset utsetter vi den opprinnelige fristen 15.mars til ny frist, 15.april)

1.oktober 2020

Kontaktpersonar:

Regionale tilretteleggingsmiddel: Turi Kvame Lorentzen, e-post: turi.kvame.lorentzen@rogfk.no / telefon 41473638

Kompetanse og rekrutteringsmiddel: Sissel Bakke, e-post: sissel.bakke@rogfk.no/ telefon 46415413

 

 

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen