(Du er ikke pålogget) 
 

BIO-midlar 2021

Søk midlar til bedriftsintern opplæring (BIO-midlar)

Midlane skal nyttast til opplæringstiltak i bedrifter som er råka av koronakrisa. Ny utlysing kjem 2. august, med frist 10. september. Det blir lyst ut 10 millionar kroner.

BIO-midlar til ordinære opplæringstiltak

Døme på opplæringstiltak

  • Opplæring som gjer det mogleg for dei tilsette å ta nye oppgåver i ei periode der oppgåvene ein elles løyser er mindre etterspurde. 
  • Opplæring som gjer det mogleg å arbeide med ny teknologi (ny produksjonsline og liknande). 
  • Opplæring som er naudsynt for å få tilgang til nye marknader. 
  • Opplæring som er naudsynt for å kunne starte utvikling av nye produkt eller tenester. 
  • Opplæring som bidreg til kvalifisering til fagbrev.

Kven kan søkje og delta i opplæringa?

  • Bedrifter kan søkje om tilskot til opplæringstiltak for sine tilsette. Vi ser det som ein styrke om fleire bedrifter går saman om søknader og undervisningsopplegg, men ei bedrift må stå som ansvarleg søkjar. Tilbydarar av kursing/undervisning kan ikkje søke på vegne av bedrifter viss dei tek betaling for oppdraget.  
  • Ikkje-kommersielle aktørar/medlemsorganisasjonar kan stå som søkjar på vegne av fleire bedrifter. I søknaden må det framgå kva for bedrifter som skal delta. 
  • Søkjar treng ikkje å vere lokalisert i Vestland, men må kunne dokumentere at tilskotet går til opplæring av tilsette som har arbeidsstad i Vestland. 
  • Heilt og delvis permitterte kan også delta i opplæringa.   

 

Ynskjer du å søke om støtte til fagbrev på jobb? Sjå her: https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/laerling/fagbrev-pa-jobb/

Døme på opplæringstiltak

  • Opplæring som gjer det mogleg for dei tilsette å ta nye oppgåver i ei periode der oppgåvene ein elles løyser er mindre etterspurde. 
  • Opplæring som gjer det mogleg å arbeide med ny teknologi (ny produksjonsline og liknande). 
  • Opplæring som er naudsynt for å få tilgang til nye marknader. 
  • Opplæring som er naudsynt for å kunne starte utvikling av nye produkt eller tenester. 
  • Opplæring som bidreg til kvalifisering til fagbrev.

Kven kan søkje og delta i opplæringa?

  • Bedrifter kan søkje om tilskot til opplæringstiltak for sine tilsette. Vi ser det som ein styrke om fleire bedrifter går saman om søknader og undervisningsopplegg, men ei bedrift må stå som ansvarleg søkjar. Tilbydarar av kursing/undervisning kan ikkje søke på vegne av bedrifter viss dei tek betaling for oppdraget.  
  • Ikkje-kommersielle aktørar/medlemsorganisasjonar kan stå som søkjar på vegne av fleire bedrifter, men kan ikkje få dekt eigne kostnader med organisering. I søknaden må det framgå kva for bedrifter som skal delta, og kor mange deltakarar det er. 
  • Søkjar treng ikkje å vere lokalisert i Vestland, men må kunne dokumentere at tilskotet går til opplæring av tilsette som har arbeidsstad i Vestland. 
  • Heilt og delvis permitterte kan også delta i opplæringa.

  

Hovudkrav til søknad:

  • At bedrifta er råka av koronakrisa.  
  • At opplæringstiltaka skal vera knytt til planar for framtidig vekst eller tilpassing til nye marknadssituasjonar.
  • At grunngjeving for behovet for kompetanseheving i bedrifta er godt formulert.  
  • At gjennomføring av opplæringstiltaket har ein tidsplan på under 26 veker. 
  • At tilskotet ikkje skal utgjere meir enn 30 000 kr per deltakar i opplæringa. Unntak må grunngjevast særskild.

 

Fylkeskommunen vil også vurdere:

  • At tiltaket kan redusere permitteringar eller redusere risiko for permittering eller oppseiingar.
  • Effekt av tiltaket på omstilling av samfunnet (t.d. grøn vekst). 

 

Tilskotet kan dekke fylgjande kostnader:

  • Kurshaldar/kursavgift 
  • Lønskostnader i planlegging og gjennomføring av opplæringa
  • Innkjøp av kursmateriell og avskriving på utstyr knytt til opplæringa
  • Reisekostnader dersom det ikkje er lokale tilbod 

 

Støttesatsar og utbetaling:

Maksimal støtte er 2 millionar kroner i året og maksimalt 30 000 kroner per deltakar i opplæringa. Prosjekt som får realisert maksimalt beløp (30 000 per deltakar) vil typisk vere prosjekt der permitterte blir tatt tilbake i arbeid for opplæring i bedrifta.

Det er krav om eigendel (eigenfinansiering) på 30 % av totalkostnadene for små bedrifter, 40 % for mellomstore bedrifter og 50 % for store bedrifter.

Inntil 75 % av tilskotet kan utbetalast straks ved tilsegn om støtte. Sluttutbetaling av resterande 25 % kan skje etter innsendt sluttrapport og godkjent rekneskap.

Definisjon av sentrale ord i utlysingstekst og søknadsskjema:

  • Ekstraordinær opplæring = Opplæring i samband med innføring av noko nytt i verksemda, eller ei “eingongsinvestering” i overføring av kompetanse mellom tilsette. Grunnleggjande opplæring eller opplæring i verktøy som ikkje er spesifikke for bedrifta eller bransjen (som til dømes bruk av video/fildelingsverktøy) er ikkje rekna som ekstraordinær opplæring. Unnatak kan gjerast dersom opplæringa er spesialtilpassa oppgåver/fagområde som er krevjande å digitalisere. Eigenstudium er berre aktuelt dersom andre former for opplæring ikkje er mogleg.  
  • Bedrifter: Ei eining som utøver ei økonomisk verksemd. Bedrifta skal vere i konkurransesituasjon og ikkje ta imot offentleg driftsstøtte. Bedrifter kan søkje saman dersom kompetansetiltaket er felles. Ein av dei samarbeidande bedriftene må stå som ansvarleg søkjar på vegne av fellesskapet. På grunn av reglane om samla stønad til bedrifter, vil søknader frå same konsern (mor/dotter) bli vurdert samla når det gjeld tildeling av stønad. Stiftingar kan søkje dersom dei er næringsdrivande. Stiftingar med lågare del eigengenerert inntekter (kommersielle inntekter, ikkje offentlege tilskot eller private gåver) enn 2/3, blir ikkje sett på som å drive «næringsverksemd» i stiftingsloven si tyding og kan ikkje søkje.
  • Små bedrifter = Mindre enn 50 årsverk og omsetning som ikkje overstig EUR 10 mill. eller ein balanse som ikkje overstig EUR 10 mill. (bedrifta kan overstige éin av verdiane for omsetnad eller balanse, men ikkje begge).
  • Mellomstore bedrifter = Mindre enn 250 årsverk og ein årleg omsetnad som ikkje overstig EUR 50 mill. eller ein balanse som ikkje overstig EUR 43 mill. (bedrifta kan overstige éin av verdiane for omsetnad eller balanse, men ikkje begge).
  • Kostnadsplan = Eit budsjett der du fyller inn aktuelle utgifter til opplæringa. Til dømes; lønsutgifter og avgift til ekstern kurshaldar. Dette summerer seg til opplæringstiltakets totalkostnad, og alle kostnader i kostnadsplanen skal dokumenterast i etterkant.
  • Finansieringsplan = Ein plan der du legg inn summen du søkjer om, og summen du skal dekke sjølv (eigendelen). Finansieringsplanen skal summere seg til totalkostnaden.
  • Eigendel/eigenfinansiering = Den delen av totalkostnaden for tiltaket som søkjar skal dekke. (30, 40 eller 50 % av totalkostnaden).
  • Lønskostnader = Alle timar for personalkostnader som inngår i prosjektrekneskapet skal vere dokumentert og attestert av revisor/rekneskapsførar og i eigenerklæringa til bedrifta  i www.regionalforvaltning.no. Godkjent fast timesats er inntil 1,2 promille av reell årsløn, men avgrensa til kr 700 pr time. For innehavar sin arbeidsinnsats i enkeltpersonføretak og deltakarane sitt utførte arbeid i ANS og DA er maksimalsats på 350 kr/t godkjent. Det kan bli gitt tilskot til timar for permitterte som deltar i opplæringa der bedrifta har lønsutgifter som kan dokumenterast.

BIO-midlane er ikkje lenger gitt som bagatellmessig støtte, men som eit tilskot under EØS-regelverket for førehandsgodkjente tilskot (gruppeunntak/GBER).

 

Johanne Sognefest-Haaland 

Kontaktperson kriterium og vurdering 

 

Rajwinder Kaur Daphu 

Kontaktperson søknad, utbetaling, rapportering og rekneskap 

 
  • inn.biomid@vlfk.no 

 

 

 


 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen