(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskot til folkehelsearbeid i kommunane i Vestland

Tilskot til folkehelsearbeid i kommunane i Vestland 

Føremål med ordninga 
Kommunane skal kunne prioritere å jobbe for ei betre folkehelse. Midlane skal nyttast til utvikling av folkehelsearbeidet i tråd med nasjonale og regionale  satsingsområde, men med utgangspunkt i kunnskap om lokale behov. FN trekk fram berekraftsmål nr. 3: God helse og nr. 10: sosial ulikhet, som vil vere eit grunnleggande premiss for tilskotsordninga. Denne tilskotsordninga skal bidra til kommunane sitt arbeid med å sikre like mogelegheiter til god helse og livskvalitet for alle, uansett alder, med å sikre god helse og fremme livskvalitet for alle, uansett alder. 

 

Kven kan søkje 
Kommunane i Vestland fylkeskommune. Kvar kommune kan kun sende inn ein søknad. 
 

Søknadsfrist 
Søknadane vert handsama to gonger i 2020. I 2020 er søknadsfristane 15. mai og  15. september. 
 

Krav til søknaden 
Søknad skal registrerast elektronisk på www.regionalforvaltning.no.

Den elektroniske søkjarportalen baserer seg på standard søknadsskjema. Teksten søkjar må fylle ut i kvar kategori kan skrivast kort og konsist. Innhaldet kan utdjupes i vedlegg til søknaden. 

 

Kva kan få støtte 
I 2020 vert det gjeve ei lik fordeling av midlar til folkehelsearbeid til kommunane i Vestland på 100.000 kr.

Midlane skal nyttast til kommunale prosessar og utviklingsarbeid som stør opp om mål og strategiar knytt til regional plan for folkehelse 2014-2025 – fleire gode levekår for alle og  regional plan for folkehelse 2015-2025 – saman for god helse og trivsel,  samt dei overordna måla for den regionale planstrategien for Vestland som no er under arbeid:   

  • Mål 1 Klima og miljø som premiss for samfunnsutvikling   
  •  Mål 2 Lokalsamfunn som ramme for gode kvardagsliv i heile Vestland  
  •  Mål 3 Like mogelegheiter til å delta i verdiskaping  
  •  Mål 4 Vestland som det leiande verdiskapingsfylket og nasjonal pådrivar for eit regionalisert og desentralisert Noreg.

 

Midlane kan nyttast innan eit eller fleire av innsatsområda under:

  • Satsingar forankra i kommunale planer for å utvikle befolkningsretta og systematisk folkehelsearbeid.
  • Arbeid for å sikre at utjamning av sosiale helseskilnader er sett som tema i kommunane sine plandokument.
  • Samlingar og kompetanseheving på tvers av kommunen sine sektorar.


Midlane kan ikkje dekke:

  • Ordinær drift, innkjøp av utstyr, anlegg og fysiske tiltak eller einskild arrangement.
  • Førebyggjande arbeid innanfor helsetenesta sine satsingsområde.

 

Midlar som ikkje vert nytta ut frå gjevne vilkår, kan krevjast betalt tilbake. 
 

Vilkår for tildeling

  • Rapportering på aktivitetar og  måloppnåing skal skje  i tråd med tilsegnsbrev.
  • Kommunen må ha eigen finansiering, dette kan vere i form av eigeninnsats. Det er krav om tilbakebetaling dersom prosjekt ikkje vert gjennomført i tråd med tilsegnsbrevet. 

 

Merknad Overgangsordning 2020
Tidlegare Sogn og Fjordane og Hordaland fylker har hatt ei ulik innretting når det gjeld støtte til folkehelsearbeid. I Vestland fylkeskommune må støtteordningane samordnast, og tilpassast nye nasjonale føringar på dette området. Tilskotsordninga er gjeldande for år 2020til vi får nye føringar for søknad om folkehelsemidlar på plass.

 

Kontaktpersoner:

Har de spørsmål eller behov for hjelp i søknadsprosessen. Ta kontakt med

Andreas Ask                      andreas.ask@vlfk.no 45 20 39 46     

Anne-Lene Norman         anne-lene.norman@vlfk.no 57 63 72 27





 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen