(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond - Vinje kommune - Corona tiltak/KMD midlar

Vinje kommune har fått ekstra tildeling frå KMD som skal nyttas til å stø opp særleg råka verksemder iht Corona.

Verksemder og næringsaktørar kan søke om midlar til tiltak som held fram og helst fremmar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensiale.

Men og verksemder, destinasjonsselskap som er særleg hardt råka av pandemien.  Det skal her vera rom for skjønn, slik at det er viktig å greie ut kva det gjeld.

Verksemder med tilknytt kommunen vil bli prioritert , også nyetablering.

Søknad må kunne svare på:

  1. I kor stor grad tiltaket fremmer økonomisk aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensiale.
  2. Tilskotet blir nytta som eit tiltak for å bøte på skade, ev styrkje destinasjonar, verksemder til å overleve pandemien.
  3. I kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak vil motverke negative økonomiske verknadar av Covid19 utbrotet.
  4. Kor raskt tiltaket kan settas i gang.

Krav til søker/ mottakar av tilskot:
Søknaden skal sendast gjennom 
www.regionalforvaltning.no 

Dykk må opprette brukar med naudsynt kontaktinformasjon, opplysningar om prosjektet, prosjektperiode, målgruppe, budsjett/ kostnadsoverslag. I tillegg må det opplysast om søker har motteke anna offentleg støtte i inneverande og dei to siste rekneskapsår.

Kommunen vil prioritere søknadar ut i frå korleis tiltaka bidreg til:

  1. Utvikling i sysselsetting og tal arbeidsplassar.

  2. Verknad for lokalsamfunnet.

  3. Utvikling i verdiskaping og økonomisk aktivitet

NB – Dykk må søke før tiltaket vert sett i gang!

Søknadsfrist:      21.12.2021 ev forlenga om det er midlar att.

 

Kontaktperson: Knut Martin Edland, næringssjef

Mobil:                90947295

Epost:                knut.martin.edland@vinje.kommune.no

 

 

 

 Vilkår:

 

  1. Søknader om støtte for næringslivet som følgje av negative verknader som følgje av Covid 19 - krisepakke 3, dekkast i ansvar 7000. Søknadar handsamast i høve til retningslinene for tilskot i Vinje kommune, men iht Covid 19 nyttar ein «regelverk for bagatellmessig støtte» og er ikkje bunde opp mot vedtekter for kommunalt næringsfond.

     

  2. Formannskapet handsamar søknadar med søkje beløp over kr 150 000,-,  handsaming av søknader under kr 150 000,- er delegert til Rådmann.

     

  3. Tilskot kan gjevast til verksemder som er registrert som AS, ANS og ENK.  Samt lag med org. nr.

     

  4. Søknad må syne til tiltak som opprettheld eller skapar arbeidsplassar eller anna verdiskaping, samt tiltak som har særleg verknad i lokalsamfunnet. Det skal takast omsyn til tidlegare statleg og kommunal koronastøtte og den økonomiske situasjonen til verksemda. 

  5. Verksemda må ha kontoradresse i kommunen

     

  6. Kommunen kan krevje skatte attest på førespurnad.

     

  7. Verksemda må levere rekneskap for 2020, ev hittil 2021

     

  8. Søknad må sendast gjennom www.regionalforvaltning.no

     

  9. Søknadsfrist 21.desember 2021

     

  10. Tilskot vert løyvd innanfor tildelt midlar frå KMD, så lenge der er att.

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen