(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond - Tysnes

Opprett ny søknad på støtteordning

Covid 19-utbruddet har gitt store utfordringer for næringslivet i mange kommuner. Midlane skal setja kommunane i stand til å legge til rette for økt aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial.

Regjeringen har i krisepakke 3 for 2020, satt av 600 mill. kroner til kommunale næringsfond. Saken vart endeleg handsama i Stortinget 19.juni. Vestland fylkeskommune har fått tildelt kr 75,3 millioner som går uavkortet til fordeling. Av dette har Tysnes kommune fått kr. 483 726 til vidarefordeling til lokale næringstiltak.

 

Kven kan søkja om støtte?

Målgruppa er verksemder, etablerarar og næringsaktører.  Med næringsaktør vert det meint ein aktør som legg til rette for og/eller gjev støtte til næringsutvikling.

Midlane skal nyttast til til bedriftsretta støtte og til andre næringsretta tiltak som kommunen meiner er viktig for å motverka negative verknader av koronavirusutbruddet. Det vert lagt på innverknad for arbeidsplasser, verdiskaping og økonomisk aktivitet.

 

Tysnes kommune praktiserer løpande handsamaing av innkomne søknader.

 

Korleis søka støtte?

Søknad skal registrerast og sendast inn gjennom regionalforvaltning.no.

Søknaden skal mellom anna innehalda kontaktopplysningar, under dette stad for prosjektet, verksemda sin storleik, skildring av tiltaket, under dette mål samt dato for oppstart og avslutning. Søknad må også ha informasjon om budsjett. Det må også koma fram om prosjektet eller tiltaket har motteke anna offentleg støtte dei to siste rekneskapsåra. 

 

Vurdering av søknader

Formannskapet i Tysnes kommune vurderer fortløpande innkomne søknader om tilskot, i vurderinga skal det leggjast særskilt vekt på:

 

a) i kor stor grad tiltaket fremjar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar

b) i kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak vert vurdert til å motvirke negative virkninger av covid-19-utbruddet

c) kor raskt tiltaket kan setjast i gang

 

Samla tilskot fra næringsfondet skal som hovedregel ikke overstiga 50 prosent av prosjektet sitt kapitalbehov, og det skal aldri overstige 75 prosent.

For meir utfyllande informasjon vert det vist til  midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond

https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2020-06-30-1437    

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen