(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond 2020

Opprett ny søknad på støtteordning

Kommunalt næringsfond i Sykkylven kommune 2020.

Næringsfondet nyttast til å styrke nyskaping, innovasjon og næringsutvikling i kommunen. Det kan gjevast støtte til bedrifter, nyetablerarar eller samarbeid mellom bedrifter.

Søkar må vere registrert med organisasjonsnummer i Einingsregisteret. Tiltak som får støtte frå næringsfondet må bidra til å skape nye, eller sikre eksisterande arbeidsplassar.

Tiltak kan vere profilering og merkevarebygging, produktutvikling, kompetansehevingstiltak, marknadsundersøking, bedriftsutvikling, rådgjeving, bedriftsnettverk, og i nokre tilfelle også til fysiske investeringar i produksjonsanlegg og utstyr.

Tiltak støttast normalt med inntil 50 % av totale kostnader for mjuke kostnadar, normalt avgrensa til maksimalt 150 000 kroner. Fysiske investeringar har normalt ein lågare utmåling. I enkelte tiilfelle kan ein høgare finansieringsandel vurderast der satsinga har høg grad av innovasjon og sysselsettingseffekt (inntil 75 %) til nyetablerarar.

Eit prosjekt skal ikkje gjevast støtte over lengre tid enn 3 år. Støtte frå kommunalt næringsfond skal ha ein utløysande effekt. Det betyr at midlane skal bidra til at tiltak som elles ikkje ville ha blitt gjennomført, blir realisert. 

Det vert ikkje gjeve støtte til ordinær drift, til vedlikehald og utskifting av gammalt utstyr med nytt utstyr av samme type.

For ekstraordinær tildeling sommaren 2020 vert det også vurdert om tiltaket motverker utfordringar skap av covid-19-utbrotet, og at tiltaket kan settast i gang raskt.

Tilskot skal utbetalast etterskotsvis, men inntil 15% kan bli betalt ut ved oppstart.

Sats for eigeninnsats skal bereknast til 1,2 promille av årslønn og inntil kr 700,- per time.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen