(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskot til istandsetting av freda bygningar i privat eige frå før 1537

Opprett ny søknad på støtteordning

Tilskot til istandsetting av freda bygningar i privat eige frå før 1537

Målet med tilskot til profane mellomalderbygningar er å få bygningane opp på eit normalt vedlikehaldsnivå samstundes med at bygningane sin kjeldeverdi vert bevart. Dette er noko av dei eldste trebygningane i verda. Materiell autentisitet vert difor sterkt vektlagt. Tilskota blir løyvd frå statsbudsjettet for 2021, kapittel 1429 post 73.

Kva kan du søkje tilskot til?

  • Istandsetting, sikring og tyngre vedlikehald som fører til eit normalt vedlikehaldsnivå.
  • Konservering av fast inventar.
  • Tiltak som bidrar til dokumentasjon, kunnskapsutvikling og forsking på mellomalderbygningar.

Kven kan søkje?

Private eigarar av freda bygningar frå før 1537 kan søke om tilskot frå denne posten. Også andre eigarar av freda bygningar frå før 1537 kan i særlege tilfelle søke om tilskot.

Søknaden må innehalde:

  • Skildring og foto av kulturminnet (oversiktsbilete og detaljbilete)
  • Tilstandsvurdering og skildring av det planlagde tiltaket
  • Spesifisert plan for arbeidet frå handverkar og/eller rådgivarar
  • Spesifisert kostnadsoverslag frå restaureringskyndig handverkar og/eller rådgivarar
  • Finansieringsplan

Vilkår for tilskot:

Alle tiltak skal skje i samsvar med fredingsvedtaket sine føresegner, samt antikvariske retningsliner for istandsetting, materialbruk og liknande. Sjå også rettleiar nedst på sida.

Utførande handverkar skal oppgje formell kompetanse og referanseprosjekt med kontaktinformasjon. Handverkarane skal ha fagskulepoeng eller studiepoeng innan praktisk bygningsvern, eller kunne dokumentere tilsvarande vedlikehaldskompetanse. Generelt skal det stillast krav til at handverkarane tidlegare har teke del i minst tre prosjekt med tilsvarande arbeidsoppgåver. Sentrale fagpersonar og byggjeplassleiar i utførande firma må kunne norsk for å kunne diskutere kvaliteten ved utføringa av arbeidet. Møre og Romsdal fylkeskommune har høve til å godkjenne utførande handverkar på kulturminne det blir gitt tilskot til.

Som hovudregel skal tilskotet ikkje overstige 50-70 prosent av budsjettet. Unntak frå dette må vurderast i lys av formålet med tiltaket, kulturminnet sin verdi, eigaren si nytte og om det ligg føre urimeleg stort vedlikehaldsansvar.

Søknadsfrist:

1. november

Korleis søkjer du:

Når ordninga er open kan du søkje støtte via Regionalforvaltning. Her kan du òg følge med på sakshandsaming til din søknad.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen