(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskot til brannsikring av tette trehusområde

Opprett ny søknad på støtteordning

Tilskot til brannsikring av tette trehusområde

Tilskot til brannsikring av tette trehusområde skal bidra til den nasjonale målsettinga om at «branner med tap av uerstattelige nasjonale kulturverdier ikke forekommer». Målsettinga er at alle dei tette trehusområda skal ha ein brannsikringsplan nyare enn 5 år, og at alle tiltaka i plana skal vere gjennomført. Tilskota blir løyvd frå statsbudsjettet for 2021, kapittel 1429 post 73.

Kva kan du søkje tilskot til?

  • Innvendig branndeteksjon
  • Utvendig branndeteksjon
  • Sprinklaranlegg til loft
  • Utvendig brannslangar
  • Bygningsmessige tiltak (isolering/brannskiller på loft o.l.)
  • Utarbeide brannsikringsplan
  • Annet

Det vert normalt ikkje gitt tilskot til:

  • Tiltak som eigar er pålagd å sørge for, som kontrollar og utbetring av elektriske anlegg, piper og eldstader
  • Utstyr for brannvesenet
  • Brannsikker søppelhandtering

Kven kan søkje?

Tilskot blir gitt til område som er definert som tette trehusområde av kulturhistorisk verdi i Riksantikvarens oversikt, sjå lenke under. Kommunar, samt eigarar av bygningar og anlegg som er omtalt i oversikta kan søke om tilskot.

Søknaden må innehalde:

  • Skildring og foto av det aktuelle trehusområdet (oversiktsbilete og detaljbilete)
  • Rapport med beskriving av problem og utfordringar iht. brannsikkerheit
  • Beskriving av nødvendige brannsikringstiltak frå brannvernkyndig ekspertise
  • Spesifisert kostnadsoverslag for både brannsikringsplan og konkrete tiltak
  • Finansieringsplan

Søknadsfrist:

1. november

Korleis søkjer du:

Du søker støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke på toppen av sida. Her kan du òg følge med på sakshandsaminga.

Oversikt over dei tette trehusområda

Tette trehusområde Kommune
Innlandet Kristiansund
Grip Kristiansund
Veiholmen Smøla
Surnadalsøra Surnadal
Todalsøra Surnadal
Bud Hustadvika
Søre Bjørnsund Hustadvika
Nordre Bjørnsund Hustadvika
Hellesylt Stranda
Frøysatunet Stranda
Geiranger sentrum Stranda
Alnes Giske
Naustrekke Giskegjerde Giske
Dyrkorn Fjord
Kyrkjegata Ørsta
Ona Ålesund
Husøy Ålesund
Molovegen—Brunholmgata (H_350) Ålesund
Trehusbyen på Aspøya østre del (H_350) Ålesund
Trehusbyen på Aspøya vestre del (H_350) Ålesund
Ringgata (H_350) Ålesund
Sorenskriver Bulls gate (H_350) Ålesund
Ysteneset—Vannspringdalen (H_350) Ålesund

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen