(Du er ikke pålogget) 
 

Attraktive tettstader i bygdene - kring villreinfjellet Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane og Austheia

Opprett ny søknad på støtteordning

Dette er ei regional støtteordning finansiert med midlar frå Miljødirektoratet og Vestfold og Telemark, Agder, Rogaland og Vestland fylkeskommunar.

Intensjonen er å følgje opp satsingsområdet bygde- og næringsutvikling i Heiplanen. Støtteordninga er forankra i handlingsprogrammet 2020-2023 til Heiplanen. Målet er å vidareutvikle og oppretthalde levande bygde- og grendesentra kring villreinfjellet. Støtteordninga har som hovudføremål å styrke attraksjonskrafta til bygde- og grendesentra med å legge til rette for opplevingar og aktivitetar som spelar på lag med natur- og kulturkvalitetane til villreinfjellet.

Det er kommunane som er med i Heiplanen som kan søkje om økonomisk støtte. Heiplanen vart vedtatt før kommunereforma. Det tyder at Sandnes kommune kan søkja om økonomisk støtte til utvikling av bygde- og grendesentra i tidlegare Forsand kommune. Det same gjeld Ullensvang kommune som kan søkja for grende - og bygdesentra i tidlegare Odda kommune.

 

Søknadsfrist 15. januar 2021.

 

Om de treng hjelp til å utforme søknad kan de kontakte

Lene Hennum, Vestfold og Telemark fylkeskommune

Bjørg Hellem, Agder fylkeskommune

Sissel Bakke, Rogaland fylkeskommune

Snorre Waage, Vestland fylkeskommune

 

Om de treng hjelp til å bruka søkarportalen kan de kontakte:

Torhild Haugen, Rogaland fylkeskommune, telefon 51 51 69 28

 

Retningslinene til støtteordninga finn de her

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen