(Du er ikke pålogget) 
 

Kinn kommune ekstraordinært covid-19 næringsfond

Opprett ny søknad på støtteordning

Kinn kommune ekstraordinært covid-19 næringsfond

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har i samanheng med koronatiltaka i krisepakke – fase 3 for 2020 oppretta ein ny tilskotspost øyremerkt til kommunale næringsfond. Dette er ei eingongsløyving på 75,3 mill. kroner til kommunar i Vestland fylke som er hardt råka av høg arbeidsløyse som følge av virusutbrotet.

KMD har utarbeidd «Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet» Her er nokre av hovudpunkta i forskrifta:

Målgruppa er bedrifter, etablerarar og næringsaktørar. Næringsaktør blir definert som ein aktør som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling. 

I vurderinga av søknadene skal det leggjast særleg vekt på:

·         tiltak som fremjar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial.

·         tiltak som motverkar negative verknader av covid-19-utbrotet

·         tiltak som kjem raskt i gang

 

Alle tilskot etter reglane for offentleg støtte skal registrerast i regionalforvaltning.no.

Gjeldande satsar i reglane for bagatellmessig støtte og i det alminnelege gruppeunntaket skal følgjast.

 

Kommunestyret i Kinn kommune har delegert til Aksello AS å forvalte det kommunale næringsfondet.

Har du spørsmål til søknaden, ta gjerne kontakt med oss!

www.aksello.no

Kontaktperson: Lone Bareksten

E-post: lone@aksello.no

Tlf: 47262635

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen