(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning - Ål kommune - Forlenging av søknadsfrist

Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder - Ål - Forlenging av søknadsfrist

Ål kommune har fått ytterlegare kr 1 860 000 frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) til kommunale verksemder.

Hensikten med tilskotet er å sette kommunene bedre i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særlig hardt råka av lokale eller nasjonale smitteverntiltak i forbindelse med pandemien.

Næringsstyret i Ål kommune er satt til å administrere ordninga.

Kven og kva det kan gjevast tilskot til

Næringsstyret vedtek følgande søknadskriterier til å kunne få søke støtte frå Statleg kompensasjonsordning for kommunale bedrifter:

Nytte søknadsskjema frå KMD via www.regionalforvaltning.no
Dokumentere korleis bedrifta er råka av pandemien
Søkjarane må levere reknskap for støtten før 20.8.2021
Kommunane skal bruke midlane på tiltak for lokale verksemder som er ramma av strenge smitteverntiltak 
o Dette gjeld særleg støtte som kompenserer lokale verksemders kostnader eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstenging
o Støtte til verksemder innan reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane, og  andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar

Det kan og gis støtte til destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet 
Autoriserte besøkssentre for natur og verdsarv, som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt i 2021.

Utbetaling av tilskot

Tilskot betalast ut umiddelbart etter vedtak og faktura er motteken. Næringsstyret handsama søknader seinast 21.5.21.

Korleis søkje

Send inn søknad via www.regionalforvaltning.no.

Ta kontakt med næringsutviklaran på telefon 4835 4893 eller e-post staffan@aal.kommune.no om du har spørsmål knytt til tilskotsordninga.

Ny forlenga søknadsfrist tirsdag 20.4.2021.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen