(Du er ikke pålogget) 
 

Garden som ressurs - mobilisering lokal mat og landbruksbasert reiseliv

Opprett ny søknad på støtteordning

«Garden som ressurs» - mobilisering lokal mat og landbruksbasert reiseliv

Søk midlar til å mobilisere og utvikle nettverk som skal bidra til lokal verdiskaping gjennom samarbeid mellom aktørar innan lokalmat, landbruksbasert reiseliv og garden som ressurs.

Formål

Formålet med ordninga er å auke den lokale verdiskapinga i landbruket og på bygdene i Møre og Romsdal ved å støtte samarbeid mellom lokale aktørar/bedrifter/produsentar innan landbruk, reiseliv og kultur.

Samarbeidet må formaliserast gjennom eit nettverk der medlemmane i nettverket skal bidra til sal av produkt og tenester.

Ordninga er eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune v/ gründertenesta hoppid.no

Kven kan søke?

hoppid.no kontorene søker på vegne av lag/nettverk.

  • Lag/nettverk av lokale matprodusentar som utviklar, foredlar og sel kvalitetsprodukt basert på lokale råvarer eller lokal tradisjon.
  • Lag/nettverk av lokale bedrifter som ønsker å utvikle eller har tilbod innan mat, overnatting, servering, natur- og kulturbaserte aktivitetar og opplevingar basert på garden som ressurs.

Vilkår

  • Søknaden skal utviklast i samarbeid med hoppid-kontakten og landbrukskontakten i kommunen.
  • Minst ein av deltakarane i nettverket må ha tilknyting til gard som (lokal) matprodusent eller på anna måte bruke garden som ressurs.
  • Nettverket må ha sjølvstendig registrering i Brønnøysundregistrene, ha/etablere eige styre, eigne vedtekter, handlingsplan og det må lagast budsjett før søknad for utløysing.
  • Ordninga er til for nystarta og/eller etablerte næringsutøvarar i samarbeid.
  • Medlemane i nettverket skal være registrert i Brønnøysundregisteret som bedrift.
  • Prosjekteigar må forvente å bli spurt om å dele erfaringar frå prosjektet på relevante arenaer som kunnskapsdeling for andre.

Kva kan du søke på?

Fase 1:

Støttebeløp inntil 50 000 kroner

  • Midlar til å marknadsføre/annonsere i avis, leige av innleiarar, møterom og liknande og gjennomføre opne startmøter i eigen kommune.
  • Mobilseringsmøta må vere ope for alle som kan vere aktuelle i nettverket. Møtet skal gjennomførast i samarbeid med hoppid.kontakt/landbrukskontakt/hoppid.no på fylkesnivå (statsforvaltaren i dette høve).
  • Midlar for å dekkje utgifter i samband med møter for å stifte organisasjonen med styre, føremålspararaf, vedtekter, handlingsplan og budsjett.

Fase 2

Støttebeløp inntil 50 000 kroner

Frå etablering av nettverk til eit velfungerande nettverk med forpliktande samarbeid. Typisk søkar til fase 2 kan vere eit nettverk som er etablert i løpet av dei 3 siste åra, men som er i ei oppstartsfase. Denne fasen vil handle om status og vegen vidare.

Fase 2 – gir midlar til å utvikle og justere forretningsmodell, prosjektets målsetting, utfordringar, løysing og gjennomføring av vedteken handlingsplan.

Døme på aktivitetar i fase 2

  • Kartlegging av ressursane i nettverket og kva kompetanse kan medlemane bringe inn.
  • Kartlegge potensialet for samarbeidet.
  • Forme, justere prosjektets målsetting, utfordringar og løysing ( Forretningsmodell).
  • Gjennomføring av vedteken handlingsplan.

 

Korleis søke?

Interesserte aktørar vert invitert til eit dialogmøte med hoppid.no kontor, landbrukskontakt og hoppid.no på fylkesnivå (Statsforvaltaren).

hoppid.no kontorene søker på vegne av lag/nettverk via regionalforvaltning.no.

Midlane blir utbetalt når prosjektet er gjennomført og rapportering og dokumentasjon føreligg. Prosjektperiode kan vare inntil 1 år.  

Eigen arbeid kan reknast som eigeninnsats, kostnadsrekna til 700 kroner pr time. Fylkeskommunen dekker inntil 50 % av kostnadane. Du kan søke om inntil kr 50 000 i kvar fase.

Har du spørsmål om ordninga ta kontakt med:

May-Britt Roald, tlf. 71 28 03 47/46 69 63 82, May.Britt.Roald@mrfylke.no

Aud Lindset Drågen, tlf.71 25 85 73/90 86 54 59, fmmraudr@statsforvalteren.no

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen