(Du er ikke pålogget) 
 

Gloppen kommune - kommunal kompensasjonsordning

Opprett ny søknad på støtteordning

Gloppen kommune er tildelt 541 394.- kroner til kommunal kompensasjonsordning, bevilga av Stortinget. Målet med ordninga er å hjelpe lokalt næringsliv som er særleg hardt ramma av smitteverntiltak, og som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

Fordeling og framdrift er basert på mål og føringar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Med atterhald om godkjenning i Sunnfjord kommunestyre 25. mars 2021 vert fordelinga slik:

Kven og kva kan det gjevast tilskot til:
Midlane skal brukast på tiltak for lokale verksemder, etablerarar og andre næringsaktørar som:
- heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane
- har kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging

Ordninga skal ikkje avgrensast til å gjelde spesielle bedrifter eller bransjar, men følgjande verksemder skal særleg prioriterast:
- Reiseliv, arrangement og serveringsstader. Ref innspel frå NHO Reiseliv om å særleg prioritere reiselivsbedrifter som av ulike grunnar ikkje kan vise til ein reell omsetningssvikt. Samt til serveringsstader som vart ramma av skjenkestopp.
- Destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet. Ref innspel frå NHO Reiseliv om å kompensere for medlemskontingent på 2019-nivå
- Kommunen har betydeleg friheit til å tilpasse kva verksemder dei kan støtte utifrå den lokale situasjonen

Storleik på tilskotet:
Tilskotet skal ikkje overstige 75% av kostnadene/tapet det vert søkt om kompensasjon for. Det vert sett ei øvre beløpsgrense på kr 200.000 per bedrift. Det vert lagt til grunn at tilskotet kan gjevast i tråd med regelverket for offentleg støtte.

Krav til søkarane:

- Verksemda må ha forretningsadresse i Gloppen kommune
- Verksemda må ikkje vere under konkursbehandling eller under frivillig/tvungen avvikling
- Opplyse om kva anna offentleg støtte føretaket har motteke i løpet av 2019, 2020 og 2021

Grunngje årsaka til at verksemda har falle heilt eller delvis utanfor den generelle kompensasjonsordninga
Søknadsfrist: Det vert sett frist til 14. mai 2021.

Søknadsportal og forholdet til regelverket:
Søknad om tilskot skal registrerast i søknadsskjema på regionalforvaltning.no. Ordninga er lyst ut som eit eige kommunalt næringsfond med tittel «Kommunal kompensasjonsordning Gloppen kommune».

Tilskot til verksemder må vere i samsvar med regelverket for offentleg støtte.

For meir informasjon kontakt:
Næringssjef Knut Roger Nesdal T.48040825 
Knut.roger.nesdal@gloppen.kommune.no


 
Ein rikare kvardag – midt i verda 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen