(Du er ikke pålogget) 
 

Vågå kommune - Kommunal kompensasjonsordning - Covid19

Opprett ny søknad på støtteordning

Vågå kommune lyser ut kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder ramma av koronasituasjonen

 

Kommunal kompensasjonsordning  "Ventilordninga" – Vågå kommune 

Basert på folketal, registrert arbeidslause og næringsstruktur, har Vågå kommune fått tildelt kr. 773.000 til kompensasjonsordning.

Målet  med ordninga er å setje kommunen i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smittverntiltak. Vågå kommune har friheit til å tilpasse kva for verksemder som støttes avhengig av den lokale situasjonen knytt til nedstenging og tapt omsetning.

Ordninga gjeld for bedrifter med forretningsadresse i Vågå kommune og skal avhjelpe dei verksemder som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. Det er og opna i ordninga for å nytte midlane til felles tiltak innanfor reiseliv

Det kan gis stønad til verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane, og andre verksemder som av ulike grunner faller utanfor generelle kompensasjonsordningar.

 

 

Søknadsfrist er 07. mai 2021

 

Det er ei målsetning for Vågå kommune at bedrifter kjem styrka ut av denne pandemien, slik at midlane kan brukast til kostnadsdekning, inntektstap, smittevernstiltak samt småinvesteringar som styrkar bedrifta framover som for eksempel skilt, enkel oppussing etc.

Støtte skal være med på å kompensere for omsetningssvikt eller meirkostnader som følge av strenge smitteverntiltak eller nedstenging for månadene januar, februar, mars, april 2021.

 

Følgande kan støttast:

  • Kostnadar eller tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging knytt til Covid-19 som
    • Smittevernutstyr/fordyrande tiltak
    • Dokumentert inntektstap som følge av smitteverntiltak og nedstenging
  • Stønad til tiltak som bidreg til aktivitet og auka omsetning
  • Fellestiltak innanfor reiselivet

 

Verksemder etablert i 2020 og 2021 kan også søke.

 

Søknadsskjema

Søknad skal sendes elektronisk, og søknadsskjema ligger på www.regionalforvaltning.no (RF13.50).  

 

Søknaden må innehalde eller som vedlegg

  • At verksemda har hatt omsetningssvikt og/eller meirutgifter som følgje av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Det er ynskjeleg dokumentasjon frå rekneskap eller anna attestert dokumentasjonen
  • Synleggjering av at verksemda helt eller delvis har falt utanfor andre kompensasjonsordningar og kvifor
  • Om verksemda har motteke bagatellmessig støtte dei tre siste regnskapsåra og kor mykje.
  • Ved søknader til fellestiltak i reiselivet eller til tiltak som bidreg til aktivitet og auka omsetning skal tiltaket beskrivast saman med eit budsjett og finansieringsplan. Også i desse søknadane må mottatt bagatellmessigstøtte dokumenterast

 

Ev. støtte frå andre Covid-19 ordningar eller annan offentleg støtte føretaket har mottatt i løpet av 2019, 2020 og 2021 skal oppgis i søknadsskjemaet.

 

Er det spørsmål knytt til søknadsskjema eller kriteria, ta kontakt med næringskoordinator i Vågå kommune, Live Brimi,  mail live.brimi@vaga.kommune.no eller på telefon

 

Saksbehandling

Søknaden blir saksbehandla  administrativt.  Når alle søknader er mottatt vil det bli en felles vurdering og saksbehandling. Formannskapet vil være fondsstyre for midlane. Stønadsmottakarar får beløpet utbetalt umiddelbart etter vedtak.

Det er eit avgrensa beløp Vågå kommune har fått til fordeling og det kan bli naudsynt med ein skjønnsmessig prioritering av søknadane. Det er ikkje gitt at alle verksemder som søkjer vil få støtte og ein kan heller ikkje rekne med at omsetningssvikt/meirutgifter blir dekka fullt ut.

Legg merke til at alle opplysningar i søknaden vil bli journalført og dermed bli offentleg informasjon.

Bedrifter som er under konkursbegjæring eller liknande vil ikkje motta støtte.

 

Tilskotet følger regelverket for bagatellmessig støtte.

 

Vågå kommune  forbeholder seg retten til å kontrollere de oppgitte opplysningane mot godkjent rekneskap i ettertid, og kan krevje utbetalt tilskot tilbakebetalt om det er gitt på feilaktig grunnlag.

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen