(Du er ikke pålogget) 
 

Stimuleringsordning for nyskaping og bransjeutvikling innan kulturelle og kreative næringar

Opprett ny søknad på støtteordning

Stimuleringsordning for nyskaping og bransjeutvikling innan kulturelle og kreative næringar i Møre og Romsdal i 2021. Med atterhald om vedtak for ordninga i kultur-, næring- og folkehelseutvalet 8. juni.

Generelt om ordninga

Fylkeskommunen har oppretta ei stimuleringsordning for kulturell og kreativ næring i Møre og Romsdal. Ordninga har ei økonomisk ramme på 1 million kroner.

Kulturell og kreativ næring dekker eit breitt spekter av bransjar der det kommersielle potensialet varierer stort. Kulturell næring omfattar kunstnarisk næringsverksemd knytt til å skape, produsere og utøve kulturelle uttrykk, medan kreativ næring nyttar kulturelle utrykk, produkt eller konsept som innsatsfaktor og verdiskaping i verksemda.

Ansvar for tilskotsmidlar til regional bransjeutvikling vart overført til fylkeskommunen frå 01.01.2021. Midlane skal støtte opp om mindre verksemder slik at dei kan utvikle og styrke samarbeid og bransjestrukturar på regionalt og nasjonalt nivå.

Alle tildelingar vil bli offentleggjort på fylkeskommunen si heimeside. Ordninga gjeld for verksemder i Møre og Romsdal.

Formål

Stimuleringsordninga for kulturell- og kreativ næring skal bidra til å:

  • styrke kulturelle- og kreative næringar sitt potensiale for verdiskaping og innovasjon
  • auke omsetning av kunst, kulturelle og kreative produkt
  • ta i bruk eksisterande, eller skape nye, marknadskanalar og arenaer slik at kunst- og kulturproduksjonar når ut til ein større marknad
  • auke kompetansen innan nærings-, marknads- og forretningsutvikling

Fylkeskommunen vil prioritere større prosjekt og tiltak som har regionalt, nasjonalt eller internasjonalt perspektiv framfor lokalt perspektiv. Samarbeid mellom fleire aktørar i målgruppa vektleggast. Det er en føresetnad at prosjekt og tiltak er i tråd med «Grønt veikart for kunst og kultursektoren».

Prosjektet eller aktiviteten må vere starta opp innan 1. oktober 2021.

Kven kan søke?

  • Verksemder kan søke på vegne av eit uformelt nettverk eller etablert klynge. Søkar må vere juridisk eining, og ha tilhald i Møre og Romsdal.
  • Kompetansesenter, organisasjonar og andre aktørar med regionalt nedslagsfelt for bransjebygging innan kulturell og kreativ næring.

Kven kan ikkje søke?

Kommunar, institusjonar eller andre som har fått 60 prosent eller meir av sine inntekter frå offentlege tilskot i 2019. Offentlege tilskot er støtte som omfattar tilskot til drift, tilskot til prosjekt eller anna økonomisk støtte frå det offentlege.

Kva kan det søkast tilskot til?

  • Klyngesamarbeid med mål om nyskaping og bransjeutvikling
  • Pilotprosjekt (forprosjekt) for å utvikle nye løysingar eller tenester knytt til formidling, distribusjon og sal av kunstnarisk, kulturelt og kreativt innhald
  • Arenaer og møteplassar for deling, kompetanseheving og nettverksbygging

Vi kan finansiere inntil 75 prosent av dei totale kostnadane i prosjektet. Eigeninnsats kan vere ein del av finansieringa. Eigeninnsats kan førast opp med inntil 700 kroner per time. Det er en fordel om prosjektet også mottek støtte frå bedriftsretta støtteordningar eller andre finansieringsordningar.

Aktiviteten må bli satt i gang seinast innan 1. oktober 2021.

Søknadsfrist

17. juni kl. 12.00

Krav til søknad

  • Søknad skal leverast elektronisk via regionalforvalting.no
  • Skildring av tiltaket og korleis det skal gjennomførast
  • Kostnadsoverslag/budsjett for tiltaket framdriftsplan for tiltaket må vere med
  • Dersom det er søkt andre ordningar for prosjektet skal det framkomme i søknaden samt at søkar må vise korleis søknadane heng saman
  • Søknad skal vere levert innan kl. 12.00 17. juni 2021

Kontroll

  • Møre og Romsdal fylkeskommune kan gjennomføre kontroll med at vilkåra for å motta tilskot etter ordninga er oppfylt
  • Søkar plikter på førespurnad å legge fram alle opplysningar som er nødvendig for at fylkeskommunen kan gjennomføre ein slik kontroll

Tilbakebetaling

  • Dersom ein søkar gir ufullstendig eller feilaktige opplysingar i søknaden om tilskot, og dette fører til at det blir utbetalt ugrunna eller for mykje, kan tilskotet heilt eller delvis blir kravd tilbake.
  • Dersom det blir utbetalt for mykje tilskot grunna feil frå fylkeskommunen, kan den ugrunna delen av kompensasjonen blir kravd tilbakebetalt.

Saksbehandling

  • Kulturavdelinga gjer endeleg vedtak om tildeling av tilskot innan utgangen av juni 2021.
  • 75 prosent av innvilga beløp blir utbetalt straks tildeling er gjort
  • Endeleg rapport skal sendast innan 01.12.21
  • Vedtaket kan ikkje påklagast

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen