(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsording del 3 for Voss herad, september 2021

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har løyvd tilskot til kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder som er råka av konsekvensane av koronapandemien. Del tre av dette tilskotet er no fordelt til kommunane, og Voss herad har fått 3 091 000 kroner til fordeling til føretak i heradet. Tilskotet vert lyst ut som del av den nasjonalt notifiserte ordninga "kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder".

Føretak kan søkja om støtte til tiltak som kan vera med på å styrka Voss sin posisjon i reislivsmarknaden nasjonalt og internasjonalt, i form av generell marknadsføring, messedeltaking, relasjonsbygging og liknande. Tiltaka kan gjelda den einskilde reiselivsbedrifta, eller Voss som destinasjon.

I tillegg kan føretak med føretaksadresse i Voss herad, som eksporterer til ein internasjonal marknad, søkja om støtte til marknadsføring, messedeltaking, relasjonsbygging og liknande, for å styrka posisjonen sin internasjonalt. Inntil 250 000 kroner er sette av til dette føremålet.

Søkjarar må dokumentera at dei har hatt tap grunna korona. Ein plan for korleis pengane skal nyttast, må fylgja søknaden.

Samarbeidsprosjekt som gjeld fleire aktørar, og som byggjer opp om Voss som berekraftig reisemål, vil verta prioriterte. Formannskapet, plan og økonomi gir fullmakt til at Rådmannen administrerer tildelinga. Formannskapet, plan og økonomi er klageorgan. 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen