(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning covid-19 - Bygland kommune (del 6)

Opprett ny søknad på støtteordning

Bygland kommune har fått 283.000 kr i ekstraordinære statlege midlar for å hjelpe lokale verksemder som er særleg hardt råka økonomisk av covid-19-pandemien. Dette gjeld særleg støtte som kompenserer verksemder som har hatt ekstra kostnadar, bortfall av inntekter og/eller nedbemanning/permitteringar (eller bedrifter som står i fare for å måtte sei opp eller permittere tilsette i nærmaste framtid) som følgje av smitteverntiltak og nedstenging.

 

 Kommunen legg til grunn følgjande retningsliner og fristar for kompensasjonsordninga:

  • Alle søknadar skal sendast via skjema på www.regionalforvaltning.no.
  • Søknadsfristen er 24. januar.
  • Midlane skal gå uavkorta til bedriftene. Det er ikkje krav om eigenkapital.
  • Bedrifter med betydeleg lågare omsetning i 2021 enn i 2019 vert prioriterte.
  • Bedrifter med betydeleg høgare kostnadar i 2021 enn i 2019 vert prioriterte.
  • Bedrifter med svekka likviditet per 31.12.21 samanlikna med per 31.12.19 vert prioriterte.
  • Bedrifter som er særleg hardt ramma av nasjonale smittevernstiltak, eller på andre måtar er særleg hardt ramma av covid-19-pandemien, vert prioriterte. Situasjonen vert beskrive i korte trekk med fokus på f.eks.:
    • Har bedrifta permittert eller sagt opp tilsette i 2021, eller er det ein reell fare for at bedrifta må permittere eller sei opp tilsette i nærmaste framtid?
    • Har bedrifta måtte stenge ned verksemda heilt eller delvis?
    • Smittevernstiltak som legger føringar på, og avgrensar, ordinær drift?
    • Eventuelle andre forhold?
  • Bedrifter i etableringsfasen, som har fått ein vanskeleg start grunna covid-19, vert prioriterte, grunna at desse bedriftene ikkje har fått god uttelling på dei statlege støtteordningane.

 

 

 Kva for bedrifter kan søke:

 

  • Bedrifter med forretningsadresse i Bygland kommune som tilfredsstiller eit eller fleire av kriteria i retningslinene ovanfor.
  • Verksemda må være registrert i foretaksregisteret og ha eit kommersielt formål.

     

    Kommunen krev følgjande vedlegg til søknaden:

  • Ei kort forklaring på kvifor bedrifta er ekstra hardt ramma av covid-19.
  • Rekneskap for 2019 som viser omsetning og resultat.
  • Førebels rekneskap for 2021 som viser omsetning og resultat.
  • Kontoutskrift per 31.12.19 som viser samla likviditet ved utgangen av 2019.
  • Kontoutskrift per 31.12.21 som viser samla likviditet ved utgangen av 2021.
  • Skatteattest.
  • Bedrifter som viser til auka kostnadar i 2021 samanlikna med 2019, må dokumentere med fakturaer at kostnadsauka skuldast covid-19-relaterte kostnadar.

     

    Andre presiseringar:

  • Offentleg eigde verksemder, samt lag og foreiningar, kan ikkje søkje på denne ordninga.
  • Ved konkurs dei kommande 2 mnd. frå tildelingsdato, skal tilskotet betalast tilbake.
  • Bedrifter under avvikling eller konkursbegjæring kan ikkje søke.
  • Bedrifter med 0 i omsetning i 2021 kan ikkje søke.
  • Potten på kr 283.000 vert fordelt forholdsmessig etter søknadsfristen har gått ut. Storleiken på bedriftene som har søkt (f.eks. ut frå omsetning), samt grad av omsetningsfall, er retningsgjevande for korleis potten vert fordelt.
  • Søknadar vert vurdert i samsvar med kriteria for tilskot, og skal vere handsama innan 1. februar. Om ikkje alle midlane er brukt opp då, eller det har kome for få søknadar, kan det bli aktuelt med ei ny utlysingsrunde med endra kriterier. 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen