(Du er ikke pålogget) 
 

Rekruttering og kompetanseheving i landbruket 2022

Opprett ny søknad på støtteordning

Aktiv jobbing med rekruttering, kompetansebygging og med omdøme til næringa er ei avgjerande satsing for å styrke verdiskapinga i landbruket. No kan du søke om midlar til rekruttering og kompetanse i landbruket i Vestland.    

Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for regional næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving med mål om å styrke verdiskapinga i Vestland, med særleg vekt på berekraft og miljø. Ordninga skal bidra til å betre rekrutteringa til landbruket og bygdenæringane og nå måla i Handlingsplan for landbruk i Vestland 2022Det er viktig å sikre naturbrukstilbodet i fylket gjennom aktivt rekrutteringsarbeid og gje fleksible moglegheiter for auka kompetanse hjå aktive yrkesutøvarar i næringa og dei som ynskjer seg inn i næringa. 

 

Vestland fylkeskommune er tildelt  1 700 000 kr til denne ordninga i 2022.  

 

Prioriteringar i 2022:
 

Prioriterte område for støtte er etterutdanning i landbruket, og tiltak som rettar seg mot rekruttering, likestilling og omdømebygging. Tiltak som bidrar til å styrke rekruttering til landbruksutdanning og etterutdanning for næringsutøvarar i landbruket skal prioriterast. Det er viktig å sikre fleksible moglegheiter for auka kompetanse hjå aktive yrkesutøvarar i næringa og dei som ynskjer seg inn i næringa. Ordninga skal bidra til å styrkje lønsemda i Vestlandslandbruket og auka produksjon på lokale ressursarOrdninga skal bidra til å sikre naturbrukstilbodet i fylket gjennom aktivt rekrutteringsarbeid og betre rekrutteringa til landbruket og bygdenæringaneDet blir lagt særleg vekt på berekraft og miljø. 

Prioriteringar 2022: 

  • - bygge opp under omdømmet til næringa og få fram gode døme på unge bønder som lukkast 
  • - jobbe aktivt for å synleggjere landbruket som karriereveg for ungdom, og medverke til auka rekruttering til naturbruk på vidaregåande nivå 
  • - legge til rette for fadderordningar og gode nettverk for bonden 
  • - kurs som næringsutøvarane har særskilt trong for, dette kan vere både fysiske og digitale kurs 
  • - tilby fagkurs knytt til ulike produksjonar og produksjonsmetodar i samsvar med endringar i landbruket, mellom anna med tanke på klimaendringane og teknologisk utvikling 
  • - legge til rette for å rekruttere nye grupper inn i næringa  
  • - legge til rette for å rekruttere fleire kvinner til landbruket gjennom mentorordningar og nettverksbygging 

 

Søknadsfristar
Søknadsfristar er 15. april og 1. oktoberVedtak blir fatta i løpet av mai og november i søknadsåret. 

 

Vilkår og meir informasjon
Meir informasjon om vilkår for tildeling, finansiering, kven som kan søkje og anna informasjon finn de her. 

 

Kontaktinformasjon


Kjersti Sognnes
Seniorrådgjevar
95 75 87 20

kjersti.sognnes@vlfk.no

Kristin Arnestad
Seniorrådgjevar

90 61 68 43

kristin.arnestad@vlfk.no

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen