(Du er ikke pålogget) 
 

Skaparkraft - Skaleringprogram for auka eksport

Formål med ordninga
Formålet med tilskotsordninga er å oppretthalde eller auke eksportandelen frå Møre og Romsdal. Søkar kan få prosjektstøtte til å etablere eller utvikle skaleringsprogram retta mot nye og etablerte bedrifter som har ambisjonar om etablering eller vidare ekspansjon i den internasjonale marknaden.

Kva kan du søke støtte til?
Støtta kan brukast til å utvikle nye program eller forbetre eksisterande skaleringsprogram med vekt på auka eksport. Programmet skal bygge på regionen sine fortrinn, og tilbodet/verktøya i programmet skal vere målretta for skalering. Programmet kan vere innretta for ei einskild næring eller på tvers av bransjar og næringar.

Gjennom ordninga kan vi til dømes støtte: 

  • Utvikle program for skalering med særskilt fokus på eksport.
  • Utvikling og testing av nye modular i skaleringsprogram som bidrar til kompetanseheving for bedriftene som har mål om auka eksport.
  • Bygge partnarskap og nettverk til aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt, som er viktige for å lukkast med eksport. 

Støtteordninga kan dekke:

Inntil 50 prosent av kostnadane knytt til:

  • utvikling av skaleringsprogram eller modular i skaleringsprogrammet.
  • bygge partnarskap og nettverk til aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt som fremmer framtidig eksport. 

Inntil 75 prosent av kostnadane knytt til gjennomføring av pilot for nytt skaleringsprogram eller ein ny modul i skaleringsprogrammet.

Vurderingskriteria

  • Programmet må synleggjere korleis verkemidlane tek omsyn til FN sine berekraftmål.
  • Søkjer skal vise korleis det utfyller eksisterande tilbod knytt til eksportfremme frå til dømes Innovasjon Norge, Siva eller andre verkemidlar. 
  • Regional relevans, dvs. kor godt programmet beskriv at det treff behova i regionen basert på regionale fortrinn og utviklingsmoglegheiter.
  • Samarbeid med etablerte og relevante nettverk/klynger i Møre og Romsdal, nasjonalt og internasjonalt.
  • Prosjektorganisering og gjennomføringsevne.
  • Fylkeskommunen vil prioritere søknadar som inneber samarbeid som løftar kvalitet på programmet og medverkar til at flest muleg aktuelle bedrifter frå Møre og Romsdal får tilgang til skaleringstilbodet.

Kven kan søke?
Selskap frå Møre og Romsdal som er med i Siva sitt inkubasjonsprogram. Fylkeskommunen vil prioritere prosjekt som inneber samarbeid og partnarar som medverkar til å styrke kvalitet og geografisk nedslagsfelt. Døme på partnarar kan vere næringshagar, klyngeprosjekt og innovasjonsselskap, regional, nasjonalt og internasjonalt. 

Korleis søker du?
Søk via Regionalforvaltning.no.  

Støtteordninga heiter "Skaparkraft - Skaleringsprogram for auka eksport” 

 Søknadsfrist
Løpande søknadsfrist fram til 1.november.

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen