(Du er ikke pålogget) 
 

Grøn Region Vestland - tilskot for å styrke industriell symbiose i grøne hubar

Opprett ny søknad på støtteordning

Tilskot for å styrke industriell symbiose i grøne hubar

Vestland fylkeskommune lyser ut inntil 4 millionar kr til etablering og vidareutvikling av grøne hubar for industriell symbiose. Utlysinga er eit ledd i den vidare oppfølging av prosjektet Grøn region Vestland, som vart satt i gang av Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge våren 2021.

Eit av dei kritiske oppdraga for Vestland er å bygge strategiske grøne hubar gjennom industriell symbiose. Meir informasjon vert gitt nedanfor under punktet «Bakgrunn».

Ei av utfordringane som vart identifisert i prosjektet, er at det per i dag ikkje er dedikerte ressursar som har overordna ansvar for å stimulere og leggje til rette for samarbeid på tvers av verksemder og verdikjeder. Målet med denne ordninga er derfor å legge til rette for igangsetting av ulike samarbeidsaktivitetar mellom relevante aktørar, på tvers av verdikjeder og bransjar, for å komme eit skritt vidare i prosessen med å realisere industriell symbiose og grøn omstilling. 

Døme på slike samarbeidsaktivitetar vil vera etablering av konsortium eller andre formar for forpliktande samarbeid i dei 16 hubane som er identifisert i Grøn region Vestland. Det er også aktuelt å støtte aktivitetar for å vidareutvikle eksisterande samarbeid i desse hubane.

Eksempel på samarbeidsaktiviteter som kan støttast:

  • Konkretisere visjon og mål for realisering av samarbeid om sirkulære forretningsmodellar og industriell symbiose i hubane, t.d. utarbeide overordna plan (masterplan) og konkrete handlingsplanar for hubane
  • Lage oversikt og plan for felles infrastruktur
  • Identifisere og organisere potensielle samarbeidande næringsaktørar
  • Etablere eller vidareutvikle forpliktande samarbeidskonstellasjonar
  • Legge til rette for fellesaktivitetar i hubar og på tvers av ulike hubar

Andre samarbeidsaktivitetar enn dei som er nemnt ovanfor, kan vera aktuelle.

Det vert gitt støtte på inntil kr 400 000 for kvar hub. Hubar som i 2022 har fått tilskot til tilsvarande aktivitet frå andre fylkeskommunale ordningar, t.d. for spesielt utsette kommunar, kan ikkje søke om støtte. Ein hub kan berre få forprosjektmidlar ein gong.

Det er ingen søknadsfrist for ordninga, og søknadar vil bli fortløpande handsama etter kvart som dei vert mottekne. Siste moglege mottaksdato er 31. oktober 2022, men ein må vera merksam på at ordninga kan verta avslutta før dette tidspunktet dersom totalbeløpet på  4 millionar kr er fordelt ut.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen