(Du er ikke pålogget) 
 

Kystkultur/fiskevær

Opprett ny søknad på støtteordning

Kulturminne - kystkultur/fiskevær 

Kysten har til alle tider vore særs viktig for livsgrunnlag og busetting i landet vårt. Sjøen har vore både matfat og ferdselsveg. Holmar og naturlege hamner har gitt grunnlag for livskraftige samfunn og knutepunkt for handel og kulturutveksling.

Bevaring av den tradisjonelle kystkulturen vår er ei nasjonal satsing. Dei bygde spora etter denne kulturen er under press i ei omskifteleg tid og er mykje sårbar for klimapåkjenningar. Klimaendringane inneber nye utfordringar og har forsterka dette presset.

Formålet med denne tilskotsordninga er å bidra til å halde vedlike og sette i stand kulturminne i særleg verdifulle fiskevær i regionen vår. Ordninga har ei budsjettramme på 400 000 kroner.

Kven kan søke?

  • Private eigarar av kulturminne og kulturmiljø
  • Private stiftingar, foreiningar/ organisasjonar/ sameige/ frivillige, regionmuseum og kommunar

 

Kva kan du søke tilskot til?

Istandsetting av faste kulturminne knytt til kystkulturens fiskevær av regional verdi. Ordninga er avgrensa til å gjelde desse fiskeværa:

  • Smøla kommune: Været på Veiholmen, Brattvær
  • Kristiansund: Grip
  • Averøy: Sveggen, Øksenvåg, Tjønnøya
  • Hustadvika: Bud, Bjørnsund
  • Ålesund: Ona, Husøy, Ullahammaren
  • Giske: Alnes
  • Herøy: Fosnavåg
  • Sande: Sandshamn

Det kan innvilgast tilskot ned til minimum 25 000 kroner og opp til maksimalt 200 000 kroner. Ordninga gjeld ikkje båtar, lause gjenstandar og immateriell kulturarv.

Søknadsfrist

 13.juni.2022

 

Korleis søker du støtte?

Støtteordninga opnar for nye søknader 9.mai, 5 veker før søknadsfristen 13.juni, men vi oppmodar dykk til å starte førebuinga av søknader før det. Når ordninga er open, kan du søke støtte via Regionalforvaltning. Her kan du og følge med på saksbehandlinga.

For å få behandla søknaden din, må søknadskjema i regionalforvaltning fyllast ut.

Søknaden må innehalde:

  • Skildring og foto av kulturminnet (oversiktsbilde og detaljbilde)
  • Tilstandsvurdering og skildring av det planlagte tiltaket
  • Spesifisert plan for arbeidet frå restaureringskyndig handverkar og/ eller rådgivar
  • Spesifisert kostnadsoverslag frå restaureringskyndig handverkar og/ eller rådgivar
  • Finansieringsplan

Saksbehandling

Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har normalt fire veker saksbehandlingstid for søknader om tilskot frå første yrkedag etter søknadsfristen. Målsettinga er likevel ei raskare saksbehandling.

Tilskot blir fordelt administrativt etter delegert myndigheit.

Retningslinjer for tilskot

Sjå retningslinjer for ditt tilskot på https://mrfylke.no/vilkaar-for-kulturtilskot under ordninga Regionale tilskot til kulturminne og kulturmiljø

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen