(Du er ikke pålogget) 
 

Forprosjektmidlar for bedrifter i Lom

Opprett ny søknad på støtteordning

Lom kommune lyser ut forprosjektmidlar til både nyetablerte og etablerte bedrifter med forretningsadresse i Lom kommune. Midlane skal brukast til forretningsutvikling, der det overordna målet er å skape nye arbeidsplassar og / eller naudsynt omstillingsarbeid for å bevare eksisterande arbeidsplassar. Tilskotet er avgrensa til inntil kr. 30 000 pr. bedrift, inntil 50 % av godkjent, dokumentert kostnad. Tilskotet skal kun nyttast til eksterne kostnadar, der bedriftene har inngått eit forpliktande samarbeid med ei bedrift som har kompetanse innan forretningsutvikling og kan vise til konkrete resultat.
Krav til søkjar (bedrifta):

  • Må ha ein ambisjon om auka sysselsetting eller naudsynt omstilling
  • Må ha vilje og tid til å gå inn med eigeninnsats i ei utviklingsfase
  • Må ha vilje til å tenkje nytt
  • Må legge FN sine prinsipp for berekraft til grunn i utviklingsarbeidet
  • Må ha eit organiasjonsnummer med forretningsadresse i Lom

Ordninga er ope for alle bransjar. Reglane for eigeninnsats er anten kr. 350 pr. time, dokumentert i form av timeliste, eller lønn ført i rekneskap. Det er også mogleg å gå inn med midlar i form av eigenkapital.
Søknadane blir behandla fortløpande til midlane tek slutt. Ingen har rett til å få tilskot, men alle bedrifter står fritt til å sende inn søknad via www.regionalforvaltning.no
Krav til søknaden:

 

  • Bakgrunn og beskrivelse
  • Budsjett
  • Finansieringsplan
  • Organisasjonsnummer
  • Kontonummer

Ta kontakt med næringssjef Åshild Myhre Amundsen i Lom kommune for rådgjeving og sparring før du sender inn ein søknad. Kontaktinformasjon: ashild.amundsen@lom.kommune.no / 975 22 977

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen