(Du er ikke pålogget) 
 

Prosjektstøtte til profesjonell kunst og kultur

Treng du hjelp til å søke? Sjå her:

Korleis registrere ein ny bruker (VIDEO)

Korleis opprette ein ny søknad

Korleis anmode om utbetaling

Prosjektstøtte til profesjonell kunst og kultur

Tilskotsordninga gjeld tilskot til produksjon og til formidlinga av prosjekt, for aktørar og/eller aktivitetar i det profesjonelle kunst- og kulturfeltet i Møre og Romsdal fylke.

Ramma er på 1 million kroner. 

Fylkeskommunen skal sørge for økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak som fremmer og legg til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd regionalt og lokalt (Kulturlova § 4). 

Søknadsfrist

1. oktober

Formålet med ordninga

Vidareutvikle eit mangfaldig og tilgjengeleg profesjonelt kunst- og kulturtilbod for befolkninga ved å: 

  • stimulere til auka kunstfagleg produksjon av høg kvalitet 
  • stimulere til auka kunstfagleg formidling av høg kvalitet
  • gi utøvarar innan alle uttrykk moglegheit å arbeide med gode prosjekt
  • stimulere til auka visning av kunst og kultur i heile fylket

 

Kven kan søke?

Profesjonelle kunstnarar og kunstnarlege fagmiljø innan alle kunstuttrykk og sjangrar.  

Kunst- og kulturinstitusjonar med vesentleg offentleg støtte kan vere samarbeidspart i prosjektet, men ikkje stå som søkar. 

 

Det blir ikkje gitt tilskot til amatørverksemd, men det kan bli gitt tilskot til profesjonelle sitt bidrag i samarbeidsprosjekt mellom profesjonelle og amatørar. 

 

Alle søkjarar må vere folkeregistrert i Møre og Romsdal.  

 

Kva kan det søkast tilskot til?

  • Produksjon og utvikling av åndsverk som eit publikum skal oppleve og/eller delta i. 
    • Produksjon og ferdigstilling av materiale 
    • Tilrettelegging og distribusjon 
  • Produksjon og formidling av lydopptak, konsertverksemd og komponering (til dømes innspeling og turné) 
  • Produksjon og formidling av scenekunst 
  • Manusutarbeiding og andre former for tekstproduksjon 
  • Produksjon og formidling av film 
  • Produksjon og formidling av visuell kunst, som til dømes foto, biletkunst, kunsthandverk, performance 
  • Samansette prosjekt som fell innanfor kategoriane nemnt ovanfor 

Kva gis det ikke støtte til?

  • Pilot- og forprosjekt
  • Kostnadar til teknisk bistand og utstyr og innkjøp av rekvisittar
  • Seminar, studiereiser eller utgifter til kurs/utdanning
  •  Prosjekt som allerede gjennomført

Korleis søker du støtte?

Støtteordninga opnar for nye søknadar 4. mars. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning

Søknaden må innehalde

  • Skildring av tiltaket og korleis det skal gjennomførast.
  • Budsjett som viser utgifter og inntekter (kostnad- og finansieringsplan).
  • Framdriftsplan (tidsplan for tiltaket).
  • CV på alle deltakarar i prosjektet
  • Oversikt over materiale som er relevant for prosjektet

Alle vedlegg skal vere digitale og tilgjengelege i minimum 6 månadar etter søknadsfrist. Hugs å gi opp passordet til lenker til filmar i Vimeo. Eventuelle nettlenker må peike direkte til det aktuelle relevante materialet.

Behandling av søknaden

Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har normalt fire veker saksbehandlingstid for søknadar om tilskot, frå første yrkedag etter søknadsfrist.

Vilkår for tilskotsordninga

  • Tildelinga gjeld det som er beskrive i søknaden og vilkåra i tildelingsbrevet. Dersom tiltak i søknaden blir endra utan godkjenning, kan vi trekke tildelinga tilbake.
  • Tildelinga kan maksimalt utgjere 50 prosent av det totale driftsbudsjettet. Dersom rapporten viser at den reviderte rekneskapen er lågare enn budsjettert, kan tilskotet bli avkorta.

Vilkår for utbetaling

  • Kontroll 
    • Møre og Romsdal fylkeskommune kan gjennomføre kontroll om at vilkåra for tilskotet etter ordninga er oppfylt. Søkar plikter på førespurnad å legge fram alle opplysningar som er nødvendig for at fylkeskommunen kan gjennomføre ein slik kontroll. Dette er heimla i det statlege bevilgningsreglementet § 10.
  • Fylkeskommunen kan krevje tilskot tilbakebetalt
    • Tildelinga gjeld det som står i søknaden og vilkåra i tildelingsbrevet. Dersom tiltak i søknaden blir endra utan godkjenning, kan vi trekke tildelinga tilbake.
    • Dersom søkar gir ufullstendig eller feilaktige opplysningar i søknaden, og dette fører til at tilskotet blir utbetalt på feil grunnlag eller for mykje, kan tilskotet heilt eller delvis bli kravd tilbake
    • Dersom fylkeskommunen utbetaler feil beløp, skal det som er utbetalt for mykje betalast tilbake.
    • Dersom de ikkje oppfyller vilkår og rapporteringskrav blir tilskotet automatisk trekt tilbake etter 3 år, utan varsel.

  • Rapport og rekneskap 
    • Det skal sendast inn rapport og rekneskap for bruk av tilskotet seinast tre månader etter at tiltaket er gjennomført.  
    • Det er krav om føring og revisjon av rekneskap for tiltaket. For tildelingar under 200 000 kroner skal sluttrekneskapen vere kontrollert og signert av nokon som ikkje har vore delaktig i føringa av rekneskapen.
    • For tildelingar på 200 000 kroner eller meir er det krav om autorisert revisor. Unntatt frå dette kravet er verksemder som bruker kommunerevisjon eller anna offentleg revisjonsorgan. 

 

Klagerett

Vedtak om tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune er ikkje enkeltvedtak etter forvaltningslova. Det betyr at det ikkje er klagerett på dette vedtaket (jf. LOV-1967-02-10).

 

Synleggjering

Det er eit krav at mottatt støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune skal synleggjerast i program, informasjonsdokument, rapportar og liknande.

Det skal komme fram i årsmelding og eigen post i rekneskapen at det er mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Relevante snarvegar

Relevante dokument

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen