(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskot til mentor- og traineeordningar for innvandrarar 2022

Formålet med ordninga er å bidra til inkludering av innvandrarar med fagutdanning, eller med høgare utdanning frå universitet eller høgskule. Tilskotet skal legge til rette for at innvandrarar får brukt si kompetanse på rett plass i arbeidslivet gjennom å skape sitt eige arbeid. Dette skal styrke mangfaldet og bidra til fleire og betre nyetableringar.  

Kva kan det søkast om støtte til?

  • Utvikle og forbetre eksisterande program og virkemiddel for at innvandrarar kan skape sitt eige arbeid.  
  • Prosjekt der mentor- og trainee-ordningar blir brukt for å kople innvandrarar med gründerambisjonar til etablert næringsliv.
  • Møre og Romsdal fylkeskommune har sett av 1 mill. kroner til ordninga i 2024 

 Kven kan søke?

  • Kommunar, hoppid.no-kontor, næringshagar, kunnskapsparkar, inkubatorar, næringsforeiningar og andre utviklingsaktørar.

  • Prosjekt i samarbeid mellom fleire aktørar blir prioritert

    Generelle vilkår

  • Du kan søke om støtte til ekstraordinære utviklingskostnader, ikkje til ordinær drift.
  • Tilskotet skal ha utløysande effekt. Det vil seie at tilskotet skal bidra til å realisere prosjekt som elles ikkje vil bli gjennomført.
  • Vi støttar ikkje prosjekt som allereie har starta.
  • Søknaden skal innehalde bakgrunn for prosjektet, mål, målgruppe, forventa resultat og effekt, organisering, aktivitetar, kostnadsoverslag og finansieringsplan.
  • Vi kan finansiere inntil 50 prosent av dei totale kostnadane i prosjektet. Eigeninnsats kan vere ein del av finansieringa. Eigeninnsats skal prisast til 1,2 promille av årsløn, men maksimalt 1 100 kroner per time
  • Vi gir som regel ikkje støtte for meir enn tre års prosjektperiode
  • Tilskot vil bli gitt som bagatellmessig støtte.
  • Søkar må opplyse om kva offentleg støtte ein har mottatt siste tre åra

Søknadsfrist

  • 1. oktober 2022.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen