(Du er ikke pålogget) 
 

Skaparkraft - Smart teknologi

Opprett ny søknad på støtteordning

Formål:
Ordninga rettar seg mot prosjekt som skal utvikle og/eller bruke teknologi til utvikling av nye berekraftige løysingar som akselererer omstillinga mot det grøne skiftet.

Prosjekta skal bidra til å styrke regionen si globale konkurransekraft med utvikling og/eller bruk av smarte teknologiar, som til dømes kunstig intelligens.


Kva kan du søke tilskot til?

  • Forprosjekt som skal utvikle og/eller ta i bruk smart teknologi i utvikling av nye produkt, tenester og/eller forretningsmodellar
  • Utvikling og/eller bruk av smart teknologi i forskings- og innovasjonsprosjekt (FoI)
  • Prosjekt som nyttar kunstig intelligens oppmodast særskilt til å søke.
  • Ein kan søke på forprosjekt eller forstudie som kan legge til rette for framtidige større prosjektsøknader med nasjonale og /eller internasjonale midlar.

Vurderingskriteria

Beskriv og synleggjer

  • Hensikten og målet med prosjektet
  • Prosjektorganisering, prosjektdeltakarar og gjennomføringsevne
  • Aktivitetar i prosjektet der smart teknologi vert utvikla og/eller brukt til utvikling av nye produkt, tenester og/eller forretningsmodellar.
  • Potensialet for auka konkurransekraft, marknadstilgang og eksport.
  • Prosjektet sitt bidrag til det grøne skiftet (reduksjon i CO2, sirkulærøkonomi etc.)
  • Prosjektet sitt bidrag til kompetanseheving i regionen

 

Kven kan søke
Bedriftskonsortium (minimum 3 bedrifter), regionale utviklingsaktørar som til dømes næringsklynger, innovasjonsselskap (næringshagar og inkubatorar), forskingsaktørar, næringsforeiningar og andre utviklingsaktørar i samarbeid med fleire konkrete bedrifter.


Konsortium må minimum bestå av tre partnarar, der minimum to aktørar må vere bedrifter. I reine bedriftskonsortium må det vere minimum 3 bedrifter.

 

Kven kan ikkje søke

Enkeltbedrifter og kommunar

 

Generelle vilkår

  • Du kan søke om støtte til ekstraordinære utviklingskostnader, ikkje ordinær drift 
  • Tilskotet skal ha utløysande effekt. Det vil seie at tilskotet skal bidra til å realisere prosjekt som elles ikkje vil bli gjennomført. Det vert ikkje gitt støtte til prosjekt som har kome over i kommersialiseringsfase
  • Vi støttar ikkje aktivitetar som alt er starta eller er gjennomført
  • Søknaden skal innehalde bakgrunn for prosjektet, mål, målgruppe, forventa resultat og effekt, organisering, aktivitetar, kostnadsoverslag og finansieringsplan 
  • Vi kan finansiere inntil 50 prosent av dei totale kostnadane i prosjektet. Eigeninnsats kan vere ein del av finansieringa. Eigeninnsats kan prisast maksimalt til 1100 kroner per time
  • Søkar må opplyse om ein har mottatt anna offentleg støtte dei siste tre åra.
  • Søknaden blir vurdert etter statsstøtteregelverket i tråd med gruppeunntaksforordninga (GBER) artikkel 25 (d)
  • Prosjektet må vise at løysinga er berekraftig og bidrar til grøn omstilling
  • Ved prosjektets avslutning skal det leverast prosjektregnskap og ein kort rapport som viser oppnådde resultat

 

Korleis søker du
Søk via 
Regionalforvaltning.no.  

Støtteordninga heiter "Skaparkraft – Smart teknologi” 

 

Søknadsfrist
1. mars, 1. mai, 15. september, 15. desember

 

Økonomisk stønadsramme
500 000 kroner

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen