(Du er ikke pålogget) 
 

Alver kommune næringsfond med søknadsfrist 1.5.2024

Opprett ny søknad på støtteordning

Alver kommune næringsfond med søknadsfrist 1.05.2024 har som føremål å bidra til næringsutvikling, vekst og fleire arbeidsplassar i Alver kommune.

Næringsfondet har som målsetting å:

  • Stimulere prosjekter som gir vekst i eksisterande verksemder og arbeidsplassutvikling i Alver kommune. 
  • Stimulere til ei berekraftig næringsutvikling. 
  • Stimulere til omstilling og nyskaping i næringslivet. 
  • Stimulere tiltak som styrker næringslivet i arbeidet med ny teknologi, innovasjon og entreprenørskap. 
  • Stimulere samarbeidstiltak innanfor etablert næringsliv. 
  • Stimulere til kompetanseutvikling i næringslivet.

 

Kven kan søkje?

Næringsfondet kan nyttast til tiltak for verksemder og til næringstiltak i regi av kommunen eller andre typar næringsutviklingsorganisasjonar, og/eller der midlane i hovudsak får effekt i Alver kommune, til dømes:

  • Føretak med forretningsadre
  • sse i Alver kommune.
  • Samarbeidstiltak med lokale føretak.
  • FOU-aktørar i samarbeid med lokale føretak.
  • Kommunale næringsutviklingsprosjekt.
  • Næringsutvikling i landbruket som ikkje får stønad frå landbrukets vanlege stønadsorgan.
  • Verksemder som treng å ta eit nytt steg etter oppstartsfasen.
  • Etablerte verksemder som treng hjelp til å realisere eit nytt marknadspotensiale eller internasjonalt vekstpotensial.

Tilskot

  • Stønad skal nyttast til utviklingsprosjekt. 
  • Stønad frå næringsfondet skal ikkje overstige 50 % av prosjektet sin samla finansieringsplan.  

Avgrensingar

Stønad frå næringsfondet kan ikkje nyttast til:

  • Garanti for lån for næringsverksemd, teikning av aksjar, sanering av gjeld, kausjon/garanti for - eller renter og avdrag på lån til prosjekt eller verksemd.
  • Oppføring av bygg, og kjøp av eigedom og areal. 
  • Ordinære drifts- og vedlikehaldskostnadar og ordinær drift av verksemd. All støtte som ikkje er knytt til konkrete utviklingsprosjekt vert sett på som driftsstøtte.
  • Fondet gir ikkje støtte til festivalar, kulturtiltak og idrettsarrangement.

Søknad og anna informasjon er i utgangspunktet offentleg informasjon. Dokumentasjon vil bli lagt inn i søknadsportalen regionalforvaltning.no og kommunen sitt arkiv. Søkjarar som ønskjer at søknaden skal handsamast konfidensielt, må opplyse om dette i søknaden. Søknad vert handsama politisk ved Utval for næringsutvkling og drift. 

Informasjon

Kontakt Alver kommune - Næringsavdeling v/Kate Bentzen

Trykk her for å lese vedtektene

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen