(Du er ikke pålogget) 
 

Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond

Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut midlar frå Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond

Søknadsfrist: 15. september 2023

Det vert i 2023 opna for søknader innan temaområde tiltak for å hjelpe vill laksefisk, samt fremje god sameksistens mellom havbruk og vill laksefisk.

Søkarar og prosjekt må ha forankring og aktivitet i Møre og Romsdal.

Økonomiske rammer og søknadsprosedyre:
Midlar som blir lyst ut skal løyvast etter gjeldande regelverk for tilskotsforvaltning i fylkeskommunen.
 
Krav til søknaden:
•       Søknaden skal fremjast elektronisk via www.regionalforvaltning.no
•       Det skal gjerast greie for kva tiltak som vert planlagt gjennomført
•       Tidspunkt for oppstart og avslutning av prosjektet
•       Kva resultat/effektar og nytteverdi ein forventar av tiltaket
•       For kva geografisk område prosjektet har nytteverdi
•       Budsjett og finansieringsplan
•       Tiltak som føreset løyve frå myndigheiter (t.d. NVE, kommune) og grunneigar skal ligge vedlagt søknaden
 
Kven kan søke:
Kommunar, bedrifter og næringsnettverk, interesseorganisasjonar, utdannings- og forskingsinstitusjonar.
 
Fylkeskommunen har ikkje moglegheit til å støtte prosjekt som vert vurdert som direkte bedriftstøtte, jf. EØS-regelverket.
 
Kontaktperson:
Lisbeth Nervik e-post: lisbeth.nervik@mrfylke.no telefon: 71 28 02 15

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen