(Du er ikke pålogget) 
 

Støtte til unge gründerar - såkorn-midlar -

Såkorn-midlar

 Stryn kommune samarbeider med Stryn Næringshage om næringsutviklingsarbeidet. Næringshagen disponerer ein pott av det kommunale næringsfondet som kan tildelast unge gründerar i etableringsfasen. Desse midlane kallar vi for såkorn-midlar og er ei oppstartshjelp i tidleg fase på inntil kr. 10.000.

Desse midlane kan vere aktuelle å søke etter samråd med Næringshagen. Søknad skal sendast gjennom "Regionalforvaltning.no"

Stønaden vil bli gjeven i form av full- eller delvis kostnadsdekking, etter kvitteringar tilsvarande det tildelte beløpet.

Dømer på kostnader som er aktuelle å dekke er:

 

  • utvida rådgjeving frå Stryn Næringshage
  • rådgjeving innan det å drive eiga verksemd, økonomi/rekneskap, forretningsplan, søknader, etc.
  • marknadsanalyse/ -plan, marknadsføring – herunder utvikling av profil og marknadsmateriell
  • kompetanseheving/kurs
  • bistand nettverk, verkemiddelapparat

 Ny søkjar

 Før du kan søke om tilskot til prosjekt, må du registrere deg. Klikk på aktuell snarveg under "Registrering" i menyen til venstre.

  1. Registrer deg som organisasjon dersom du skal søkje på vegne av ein organisasjon som bedrift, foretak, lag, forening, stiftelse, kommune, regionalt fond el.l.
  2. Register deg som privat søkjar dersom du skal søkje på vegne av deg sjølv somprivatperson.

Vurderar du å etablere eiga bedrift, ta kontakt med:

Stryn Næringshage AS

Postadr.: Tinggt. 3, 6783 Stryn

Besøksadr.: Tonningsgt. 16, 6783 Stryn

Kontaktperson: Knut-Henning Hjellbakk

Tlf: 92 89 82 82

E-post: knut-henning@stryn-nh.no

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen