(Du er ikke pålogget) 
 

Regionalt Etablerarfond for Hardanger ( Hardangerrådet iks)

 

ER DU ETABLERAR I HARDANGER ?

-ny støtteordning-

Hordaland fylkeskommune har oppretta ei ny ordning for etablerarar.  Hardangerrådet er forvaltar i Hardanger.                                                                                        Midlane skal tildelast som tilskot på inntil 50.000 kroner til etablerarar og ny næringsverksemd.

Søknadsfrist: Søknader vert handsama fortløpande og seinast ein månad etter motteke søknad. Vurderinga av søknadene vert gjort administrativt. Svaret på søknaden vert gjeve som skriftleg tilsegn/avslag

Søknadar skal sendast inn elektronisk på www.regionalforvaltning.no   Ta kontakt med Hardangerrådet iks for meir informasjon og rettleiing:

Hardangerrådet iks

E-post: post@hardangerraadet.no 

Telefon: 53 67 14 50

Kontaktperson: Trude Rinaldo

 

MEIR INFORMASJON:

Krav til søknader og prioriteringskriterier

Søknad om tilskot frå dei regionale etablerarfonda for 2015 må sendast gjennom det nettbaserte søknadssystemet RF13.50 Eit generelt krav er at midlane skal nyttast i tråd med Regional plan for næringsutvikling 2013 til 2017 og prioriteringane i Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland (HNH). Vidare må søknaden tilfredsstilla nokre krav kor dei viktigaste er:

              1. Prosjekt eller tiltak som det vert søkt om midlar til må vere forankra i ein eller fleire av kommunane i den regionen det vert søkt om tilskot i.                    Prosjektet skal ha god kvalitet,  søkjar skal ha god gjennomføringsevne og verksemda som vert etablert bør innehalda minst eitt årsverk.

                  2. Målgruppe for dei regionale etablerarfonda er ny-etablerte verksemder som er etablert det året det vert søkt om midlar, eller prosjekt som vil føre               til etablering av ei verksemd i etterkant av søknaden. Enkeltpersonforetak reknast også som verksemd i denne samanhengen.

                    3. Midlane skal tildelast som tilskot på inntil 50.000 kroner til etablerarar og ny næringsverksemd som fell utanfor Innovasjon Noreg si ordning  m                    med    «etablerartilskot til gründerbedrifter med vekstambisjonar og ein forretningsidé som representerer noko vesentleg nytt i  marknaden»

                          Tilskotet vert gitt innanfor rammene av bagatellmessig støtte

                     4. Tilskot frå etablerarfondet skal bidra til gjennomføring av naudsynte tiltak i tidleg oppstartsfase, og gje gründaren kompetanse om marknad og                     økonomi. Aktuelle aktiviteter kan vera: Kundeundersøkingar, brukarstudiar og anna kartlegging for å få meir brukarinnsikt, testing og                                 vidareutvikling av forretningsidé, kostnader knytt til nettverksbygging og styrking av kompetanse innan forretningsutvikling.           

              Forvaltninga og verkemiddelbruken skal vera i tråd med «Forskrift for distrikts- og regionalpolitiske verkemidlar av 1. januar 2014». For regionale etablerarfond betyr dette at det kan gjevast tilskot til enkeltbedrifter og etablerarar. Midlane kan ikkje brukast til:

                       a. Drift av næringsverksemd eller organisasjona

                       b. Kausjon eller annen økonomisk garanti

                         c. Direkte eller indirekte investeringar i verksemder sin eigenkapi

                             d. Renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt

                    Søknadar skal sendast inn elektronisk gjennom nettbasert søkesystem RF 13.50 og skal innehalda:

                    • Ein omtale av tiltaket det søkast om tilskot til, inkludert målsettingar for tiltaket og relevans for formålet med tilskotsordninga.
                    • Plan for gjennomføring, inkludert aktivitetar, tidsplan, organisering og samarbeidspartnarar.
                    • Forventa resulta
                    • Budsjett for prosjektet/tiltaket med finansieringsplan.
                    • Søknadssum
                    • Andre relevante opplysningar søkaren meiner er viktige for søknaden og andre opplysningar som er spesifisert i kunngjøringa

                    Søkjaren skal opplyse til tilskotsforvaltar om verksemda har søkt om, eller mottatt, offentlig støtte frå andre verkemiddelaktørar, inkludert spesifikasjon av bagatellmessig støtte. Når tiltaket/prosjektet er gjennomført skal tilskotsmottakar levera ei kort rapport med dokumentasjon på kostnadene.

                    Når det gjeld handsaminga av søknaden gjeld desse føresetnadane:

                        • Søknader vert handsama fortløpande. Vurderinga av søknadene vert gjort administrativt, og det vert lagt opp til rask sakshandsaming. Svaret på søknaden vert gjeve som skriftleg tilsegn/avsla
                        • For tilskot over 30.000 kroner kan tilsegnsmottakar få utbetalt 50 % av tilskotet ved oppstart.

                                                   Resterande beløp vert utbetalt ved prosjektavslutning, når tilsegnsmottakar har levert ein sluttrapport via www.regionalforvaltning.no

                        • Forvaltarar av etablerarfondet kan bruka inntil fem prosent av midlane som vert forvalta, til å dekke administrasjons- og gjennomføringskostnader
                        • Tilskotsforvaltaren skal etablere rutinar for klagebehandling. Det skal gjevast klar og oppdatert informasjon om klageadgang- og behandling. Dette omfattar korleis klagen skal leverast, kva opplysningar klagar må gje og kontaktinformasjon til rett klageorgan som klagen skal sendast til. Klagar skal også få informasjon om forventa handsamingstid, og få informasjon om den vidare handsaminga av klagen. Forvaltaren må svare klager utan unødig opphald og grunngje avgjerdsla. Avgjerdsla må vera skriftleg.

                     

                     

                     

                     

                    Støtteordninger


                    Flere utvalg på støtteordninger
                    De siste ordningene innen