(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond for Vik kommune

"Retningslinjer for tilskot til næringsføremål" er heimla i vedtektene for Vik kommune sitt kraftfond, vedteke av kommunestyret 21.06.2010.

I tillegg til vedtektene i kraftfondet byggjer "Retningslinjer for tilskot til næringsføremål" på siste utgåve av strategisk næringsplan. Strategisk næringsplan peikar spesielt på fokusområda for ei god utvikling av dei forskjellige næringsområda vi finn i kommunen.

Tilskotsordningane er meint å være til hjelp for både nyoppstarta verksemder og eksisterande verksemder. Tilskot kan være i form av pengar, tenesteyting eller rådgiving. Fellesnemnaren er at tiltaket bør ha ein eller fleire av verknadane nemnde i punkt 1.11 side 6 i seg. Tilskotsordningane gjeld alle typar næringsverksemder som skattar til Vik kommune. Med nemninga bedriftsretta tilskot meiner ein her tilskot til verksemder utanom landbruk og skogbruk. Retningslinjene for tilskot til landbruk og skogbruk finn ein i kapittel 3 side 10 i retningslinjene.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen