(Du er ikke pålogget) 
 

Møremusikarordninga: Tilskot til innleige av profesjonelle frilansmusikarar

Arrangør får gjennom denne ordninga tilskot til honorar og reisekostnader for profesjonelle musikarar.

Profesjonell kunst- og kulturformidling skal gi innbyggarane eit relevant og mangfaldig kulturtilbod gjennom heile livet. Fylkeskommunen skal i samarbeid med andre legge til rette for gode rammevilkår for både kunstnarar, frivilligheita og aktørar i feltet.

Den årlege ramma er 1 000 000 kroner.

 

Kva kan du søke støtte til?

Bruk av profesjonelle musikarar som medverkar i/med:

  • alle typar konsertar
  • instruksjonsoppdrag
  • akkompagnement
  • arrangering og komponering i samband med konsertar
  • assistansespel i amatørensemble
  • profesjonelle ensemble
  • kulturelle innslag ved for eksempel kurs, konferansar og møter, solistoppdrag, kursverksemd

Som arrangør kan du søke om tilskot til honorar og reisekostnader.

Oversikt over frilansmusikarar som bur i fylket finn du på våre nettsider, mrfylke.no (lenke opnast i ny fane).

 

Kva blir det ikkje gitt støtte til?

  • Kommunar inkludert kulturskolar
  • Fylkeskommunen
  • Undervisningsinstitusjonar
  • Private arrangement
  • Andre organisasjonar

Det blir ikkje gitt støtte til arrangement som har blitt gjennomført før søknadsfristen. Arrangement får ikkje støtte når framføringsdato er under 4 veker etter søknadsfrist.

 

Kven kan søke?

  • Konsertarrangørar
  • Kulturinstitusjonar
  • Det frivillige musikklivet
  • Det lokale næringslivet
  • Andre organisasjonar

 

Formål

Formålet med ordninga er å sikre gode profesjonelle musikktenester til kulturlivet og å legge til rette for kulturarrangement med høg kvalitet i Møre og Romsdal. Ved å støtte dei profesjonelle musikarane sin kunstnarlege aktivitet legg også ordninga til rette for at fleire kan bu og leve av kunsten sin i fylket vårt.

 

Søknadsfrist

15. januar, 15. mars, 15. mai, 15. august og 15. oktober

 

Korleis søker du støtte?

Støtteordninga er open heile året og behandlast etter fem søknadsfristar. Søknaden skal sendes elektronisk via Regionalforvaltning og innehalde:

  • namn på arrangør, kontaktperson, arrangement og organisasjonsnummer
  • stad og dato for arrangementet (inkludert lokale og kommune)
  • kort beskriving av arrangementet, innhald, plan for gjennomføring, målgruppe, forventa deltakarar, samarbeidspartar, program
  • arrangementstype for eksempel ulike konsertar, assistansespel, instruksjon, seminar
  • namn på profesjonelle musikarar ein ønsker eller har avtalt å leige inn samt eventuelle frivillige som skal stå på scena saman med profesjonelle musikarar
  • budsjett som viser utgifter og inntekter (kostnads- og finansieringsplan). Musikarhonorar og forventa kostnader til reise må også komme fram
  • framdriftsplan (tidsplan for tiltaket)


Saksbehandling

Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har normalt fire veker saksbehandlingstid for søknadar om tilskot, frå første kvardag etter søknadsfrist. Etter at søknaden er behandla vil du få svar på søknaden din skriftleg. I tildelingsbrevet finn du opplysningar om tildelt sum og kva vilkår som må vere oppfylte før du kan få støtta utbetalt.


Slik prioriterer vi kven som får støtte

For å sikre eit best mogleg mangfald av kulturarrangement, blir det gjennom året gjort ei heilskapleg vurdering av type arrangement, type søkar, geografi, gjentakande søkarar på denne og andre fylkeskommunale tilskotsordningar.


Retningslinjer

  • Innleigde profesjonelle musikarar skal behandlast likt og lønnast etter bransjestandard. Arrangørane må sjå til Creo sine satsar eller nasjonale satsar for Den kulturelle skolesekken (DKS).
  • Godtgjering for reise, diett og naudsynt overnatting skal skje etter Statens regulativ (lenke opnast i ny fane).
  • Det skal gå klart fram i marknadsføring at arrangementet blir støtta av Møremusikarordninga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Logo for Møremusikarordninga finn de ved å følge denne lenka (lenke opnast i ny fane).
  • Det blir ikkje gitt støtte til arrangement som har blitt gjennomført før søknadsfristen
  • Arrangement får ikkje støtte når framføringsdato er under 4 veker etter søknadsfrist

Fylkeskommunen kan redusere tilskotet eller trekke støtta tilbake

  • Tiltaket må gjennomførast slik det er søkt om. Viss det er nødvendig å gjere endringar må du avklare det med fylkeskommunen på forhånd. Viss tiltaket ikkje gjennomførast som planlagt eller kostnadene blir lågare enn budsjettert, kan støttebeløpet reduserast eller bli trekt tilbake.
  • Viss du gir mangelfulle eller feilaktige opplysningar i søknaden, og dette fører til at tilskotet blir utbetalt på feil grunnlag eller at du får for mykje i tilskot, kan vi redusere eller trekke tilbake tilskotet.
  • Fikk du meir utbetalt enn summen som sto i tildelingsbrevet? Da skal det overskytande beløpet, altså det som er utbetalt for mykje, betalast tilbake.
  • Dersom de ikkje oppfyller vilkår og rapporteringskrav blir tilskotet automatisk trekt tilbake etter 3 år, utan varsel.

Rapportering og rekneskap

  • Det skal komme fram i eigen post i rekneskapen at det er mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Du skal sende inn rapport og rekneskap i Regionalforvaltning seinast tre månader etter at tiltaket er gjennomført
  • Det er krav om føring og revisjon av rekneskap for tiltaket.
  • For tildelingar under 200 000 kroner skal sluttrekneskapen vere kontrollert og signert av nokon som ikkje har vore med på føringa av rekneskapen
  • For tildelingar på 200 000 kroner eller meir skal det framleggas rekneskap godkjent av autorisert revisor
    • Unntatt frå dette kravet er verksemder som bruker kommunerevisjon eller anna offentleg revisjonsorgan
  • Rapporten skal innehalde namn på musikar(ar) som vart brukt, kort beskriving av arrangementet og tal på deltakarar/publikum
  • I rekneskapsrapporten skal musikarhonorara vere synleggjort

Fylkeskommunen kan kontrollere at vilkåra er oppfylt

Fylkeskommunen kan kontrollere at tilskotet er brukt etter vilkåra. Søkar skal legge fram alle opplysningar som er nødvendig for å gjennomføre ein slik kontroll på førespurnad.


Klagerett

Vedtak om tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune er ikkje enkeltvedtak etter forvaltningslova. Det betyr at det ikkje er klagerett på dette vedtaket etter reglane i lova.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen