(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning 2021

 

Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder

Stryn kommune mottok i slutten av februar kr. 654.268,- som kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder. Den 15. april fekk kommunen ytterlegare kr. 1.840.000,- til same formålet. Vi utvidar derfor søknadsfristen til 3. mai.

Føremålet med ordninga er å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale, strenge smitteverntiltak i samband med Covid-19, og som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensa-sjonsordningane.

Midlane skal særleg rettast mot:

- støtte som kompenserer lokale verksemders kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og stenging
- støtte til verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane, og andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar.
- støtte til destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet, samt autoriserte besøkssenter for natur og verdsarv, som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt i 2021.

Målgruppa er lokale små- og mellomstore verksemder i Stryn kommune.

Tildelinga blir gjeve i form av bagatellmessig støtte. Tilsegn frå ordninga blir gjeve i samsvar med gjeldande regelverk og retningslinjer for bruk av statsmidlar.

Ved mange søknadar innafor kriteria, kan det bli ein sjablongmessig reduksjon av kompensasjonsbeløp.

Krav til søknad:

Søknaden må ha vedlagt dokumentasjon på tap som følge av smitterverntiltak og stenging, inkludert erklæring frå rekneskapsførar/revisor, så som: 

tapte inntekter knytt til nedstenging i høve til offentlege smittevernkrav
ekstra kostnader til smitteverntiltak
andre kostnader  

Søknaden må vidare gje informasjon om kva anna offentleg støtte foretaket har motteke i løpet av 2019, 2020 og 2021, og kva ordning støtta er heimla i.

Søkjar må sørge for at samla motteke offentleg støtte ikkje overstig dei grensene som til eikvar tid gjeld ifølge EØS sitt statsstøtteregelverk (bagatellmessig støtte).

Søknader sendast inn via www.regionalforvaltning.no.

Vi legg no opp til å handame alle søknader samla i Formannskapet 27. mai 2021

Søknadsfrist: 3. mai 2021

For meir informasjon: Statsbudsjettet 2021 – Tilskuddsbrev kommunal kompensasjonsordning til lokale virksomheter
Anna informasjon: Opplysningar som kjem fram i søknaden vil i utgangspunktet vere offentlege etter offentlegheitslova.
Kontaktperson: For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, ta kontakt med Eivind Hopland, eller eivind.hopland@stryn.kommune.no

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen