(Du er ikke pålogget) 
 

Erasmus+midlar til kompetanse-, nærings- og lokalsamfunnsutvikling - VET

Utlysing av Erasmus+midlar til tverrsektorielle samarbeidsprosjekt (staff-mobilitet)

Her kan de søke om midlar til å reise til europeiske samarbeidsorganisasjonar for å utveksle erfaringar, få inspirasjon og ny fagkompetanse. 

Vestland fylkeskommune lyser med dette ut EU-midlar til tverrsektorielt lokalt og europeisk samarbeid om å styrke opplæring og kompetanse i tråd med behova i arbeidslivet og utvikle gode og attraktive lokalsamfunn.
Føremålet 
er å utveksle erfaringar og kompetanse, sjå nye løysingar og moglegheiter og styrke nettverk med europeiske partnarorganisasjonar. Prosjekta krev at ein set opp ein lokal tverrfagleg samarbeidsgruppe med deltakarar frå kommune, vidaregåande skule/fagskule, arbeidsliv og ev. friviljug sektor. 

Legg ved Signaturskjema - VET (Fag- og yrkesopplæring) til søknaden om du søker middel som skal nyttast etter 31.05.2023.

ProsjekttypeOpphald/hospitering eller kurs hos europeisk samarbeidsorganisasjon for tverrsektorielle grupper (staff-mobilitet) - for tilsette 

Aktivitetar/mobilitetar: Korte besøk/hospitering (2-4 dagar) for tverrsektorielle lokale grupper på vitjing hos europeiske partnarorganisasjonar. 

SøkjarorganisasjonKommune eller regionråd (ev. annan org. etter avtale med fylkeskommunen) set saman ei lokal samarbeidsgruppe, søker på vegne av denne og koordinerer prosjektet (prosjektansvarleg).

Deltakarar: Tilsette i kommune/regionråd, vidaregåande skule-yrkesfag og/eller fagskule (obligatorisk), næringsliv, frivillege organisasjonar og andre utdanningsinstitusjonar.

Prosjekttema: Tema innafor kommunane/regionråda sine ansvarsområde som har tilknytning til eit eller fleire av yrkesfagprogramma t.d. reiseliv, lokalmat, næringsutvikling, helse og omsorg, akvakultur, grøn omstilling, energi og digitalisering.

Finansiering
Tildeling av midlar etter faste EU-satsar til reiser/hospitering til ulike europeiske land, etter antal deltakarar, lengde på opphald og reiselengde. Dekkjer ikkje løn.

EU-satsar for støtte til reise og opphald (kost/losji):

Opphaldsutgifter ved reiser til
:
Group 1: Denmark, Luxembourg, United Kingdom, Iceland, Sweden, Ireland, Finland, Liechtenstein - 180 Euro per person per dag
Group 2: Netherlands, Austria, Belgium, France, Germany, Italy, Spain, Cyprus, Greece, Malta, Portugal -160 Euro per person per dag
Group 3: Slovenia, Estonia, Latvia, Croatia, Slovakia, Czech Republic, Lithuania, Turkey, Hungary, Poland, Romania, Bulgaria, Rep. of North Macedonia, Serbia – 140 Euro er person per dag

Dekking av reisekostnader 
 per person:
275 Euro tur/retur (til dei fleste landa i Europa) 
360 Euro tur/retur (heilt sør i Europa)

Søknadsfrist: Det er løpande søknadsfrist, i første omgang fram til 01.02.2023. 

Meir informasjon: https://www.vestlandfylke.no/erasmus-tverrsektorielt. 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen