(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjons­ordning i Vik runde 4 - 2021

Retningslinjer for kommunalt næringsfond i Vik kommune

  1. Bakgrunn

    Retningslinjene gjeld for kommunalt næringsfond i Vik kommune, etablert etter prop. 79 S (2020-2021) «Økonomiske tiltak i møte med pandemien».

  2. Forvaltning av fondet

    Fondet skal nyttast i samsvar med «Tilskuddsbrev kommunal kompensasjonsordning til lokale virksomheter» av 11. oktober 2021. All støtte skal gjevast i samsvar med regelverket for offentleg støtte. Næringar og bransjar som er særleg hardt ramma av pandemirelaterte utfordringar skal prioriterast. Vik har fått midlane med grunnlag i at ein er ein av kommunane som normalt har ein del utanlandske overnattingsbesøk.

    Søknadsfrist er sett til 16.11.2021 og søknadane vert handsama i formaskapsmøte 25.11.2021

  3. Målsetjing med tilskotet

    Målet med ordninga og tilskotet er å sette kommunane raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder gjennom tildeling av kompensasjonstilskot. Tilskot skal bidra til å oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse i verksemder som er avhengig av turisme frå land utanfor EØS-området, og som difor framleis er råka av pandemien.

    Verksemder som var i vanskar per 31/9/19, ref. gruppeunntaksforordninga sin artikkel 2, paragraf 18, kan ikkje gjevast støtte.

    Siste frist for tildeling er 31.12.2021.

  4. Støttevilkår

    Støtta vert gjeven i samsvar med regelverket for offentleg støtte. Søkar pliktar å sette seg inn i dette regelverket. Nærings- og fiskeridepartementet har laga ein rettleiar i offentleg støtte som kan ligg her.

    Ordninga skal sikre tilgang til likviditet i verksemder og dempe dei økonomiske konsekvensane av Covid-19-pandemien, ved hjelp av direkte tilskot. Ordninga rettast mot lokale verksemder. 

    Desse kan søkje om midlar til kompensasjon:

  • Verksemder som har adresse i Vik kommune, eller har aktivitet i kommunen.
  • Verksemder som er avhengig av turisme frå land utføre EØS-området, og er difor framleis råka av pandemien.
  • Verksemder som kan dokumentera tap av omsetjing/inntekt som fylgje av Covid-19, smitteverntiltak og den påfølgande økonomiske nedgangen.
  • Tilskot skal bidra til å oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse i verksemder som er avhengige av turisme frå land utføre EØS-området. I søknaden må ein leggja fram korleis midlane vil bidra til å oppretthalde dette.
  • Då dette er midlar som skal gå til å oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse, vil verksemder med tilsette som er råka av denne situasjonen verte prioritert.
  • Om verksemda har fått stønad ved tidlegare utdeling av kommunale kompensasjonsmidlar så må søknaden gjelde nye kostnader som ein ikkje har fått stønad før tidlegare.
  • Andre verksemder som framleis er råka av restriksjonar og pandemien kan søkje, men ein vil prioritere verksemder i hovudmålgruppa for utlysinga -verksemder som avhengig av turisme utanfor EØS, for å oppretthalde arbeidsplassar og kompetanse.

    Følgande krav stillast til søkar

  • Søkar må i søknad dokumentere utgifter og/eller tap som følge av lokale og/eller nasjonale smitteverntiltak.
  • Legg ved egen forklaring for kvifor verksemda er særs hardt ramma av lokale og/eller nasjonale smitteverntiltak.
  • Dokumentasjon på at verksemda er avhengig av turisme utføre EØS-området.
  • Tap/kostnadsbeløp, i tillegg til prosentvise omsetnings tap, må spesifikt forklarast for denne søknaden og signerast av revisor eller regnskapsfører.
  • Dersom søkar har mottatt anna offentleg kompensasjonsstøtte må det gis informasjon om støtta som er mottatt i 2019, 2020 og 2021
  •  Søkar må opplyse om eventuelle konsernrelasjonar for søkarbedrifta.

     5. Klage

Vedtak vert rekna som enkeltvedtak etter §2 i forvaltningslova, og kan påklagast. Kommunestyret er klagehandsamingsorgan for vedtak i formannskapet.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen