(Du er ikke pålogget) 
 

Omstilling av Geirangerfjorden verdsarvområde med omland

Formål med ordninga
Tilskotsordninga er ein del av prosjektet Omstilling av Geirangerfjord verdsarvområde som jobbar for ei berekraftig nærings- og samfunnsutvikling i Geirangerfjorden verdsarvområde med omland. Ordninga kan støtte tiltak som bidrar til berekraftig nærings- og samfunnsutvikling i verdsarvområdet med omland.

Vurderingskriteria

  • Auka verdiskaping per turist/besøkande, herunder berekraftig utvikling og forvaltning av Geiranger verdsarvområde.
  • Lågare miljømessig fotavtrykk per turist/besøkande, herunder særleg fokus på omstilling og tilpassing til utsleppsfri ferdsel på verdsarvfjordane frå 2026.
  • Fleire heilårsarbeidsplassar i Geiranger og omegn, herunder utvikling av fleire heilårsopplevingar og –arbeidsplassar.
  • Betre vilkår for landbruket.
  • Betre samarbeid og koordinering mellom forvaltning og næring.

Kven kan søke om støtte

Kommunar, organisasjonar eller nettverk av bedrifter som skal gjennomføre fellestiltak.

Avgrensingar

  • Tiltak i regi av, eller retta mot utvikling av enkeltbedrifter, kan ikkje støttast.
  • Tiltak må vere retta mot problemstillingar knytt til Geiranger verdsarvområde, men aktiviteten treng ikkje å vere utelukkande geografisk avgrensa til dette området. 

Vilkår for støtte

  • Forstudiar og forprosjekt kan støttast med inntil 50 prosent tilskot. Ved gjennomføring av hovudprosjekt skal tilskot avgrensast til 33 prosent av totalkostnad. Styringsgruppa kan i særlege tilfelle gjere unntak frå dette.
  • Støtte frå Omstilling Geiranger skal i størst mogleg grad kombinerast med eigeninnsats og finansiering frå andre kjelder.

Krav til søknad og saksgang

  • Du skal søkje via regionalforvaltning.no.
  • Det er ingen søknadsfrist, saker vert handsama så lenge det er midlar tilgjengeleg.
  • Fylkeskommunen legg fram søknadsvurdering med innstilling for styringsgruppa for prosjektet, som gjer vedtak om tildeling.
  •  Saksbehandling skjer i tråd med forvaltningslov, habilitetsregelverk og statstøtteregelverket; gruppeundtaksforordninga (GBER) artikkel 25 (d) eller 27. 


 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen